Får seniorane på nett

Mange eldre fryktar at dei dett av det digitale lasset, medan andre er heilt ukjente med den digitale verda, og slit for å henga med.

Gerd Hummervoll f.v får datahjelp av Bjarkey Björnsdóttir.
Ho har ingen andre til å hjelpa seg, og nyttar  seg av kunnskapen til både Bjarkey og dei tilsette på biblioteket. Foto: Rebecca Egeland.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Heldigvis finns det hjelp å få i kommunedelane.,

- Det er ikkje rart mange eldre slit med å henga med i kvardagen. Det meste som skjer, skjer på nettet. Me ser at eldre blir stråande utanfor fordi dei ikkje har nok digital kunnskap, fortel leiar på biblioteket på Vikevåg, Rebecca Egeland.

Kvar onsdag frå klokka 1600 til 1800 tilbyr biblioteket datahjelp. Her kan alle som vil få èin til èin hjelp av frivillige datakyndige

- Dette er eit fantastisk tilbod som eg håper endå fleire vil nytta seg av. Her kan ein få hjelp til kva ein sjølv ønskjer å læra, og all opplæring er gratis. Det er heller ikkje avgrensingar i kor mykje, eller kor mange gonger ein kan få hjelp.

Reduserer einsemd

- Kva er det som er mest utfordrande å læra seg?

- Mange eldre kjenner ikkje til moglegheitene som finns på nettet, difor veit dei heller ikkje kva dei ikkje kan,og kva for moglegheiter som ligg der. Dei fleste har god tilgang til datamaskinar, nettbrett og mobiltelefonar, men veit for lite om kva dei kan brukast til. Difor går dei også glipp av mykje. Det kan vera både det å finna ut nye ting gjennom internett, bestilla billettar, og å delta sosialt med familie og vener via til dømes Facebook og Instagram. Det siste er av stor betydning for å førebygga og redusere einsemd.

- Korleis er det digitale kunnskapsnivået blant dei som kjem til dykk?

- Mange kan litt, men ikkje nok til å klara seg godt i den digitale kvardagen. Alle har dessutan forskjellige ulike behov, difor legg me opp til individuell opplæring. Det er svært låg terskel for å ta kontakt. Ingen problem er for lite eller for stort. Me som driv med dette har sjølvsagt teieplikt og me har sjølvsagt ikkje tilgang til passord eller fødselsnummer. Dette er enkelt og uforpliktande og svært nyttig, avsluttar Rebecca Egeland.

Finnøy har frivilligsentralen eit tilsvarande opplegg.

Publisert: