Geir Indrefjord (Sp): Folkevekst eller betre arbeidsmarknad kan vera årsaken til endringa.
Geir Indrefjord (Sp): Folkevekst eller betre arbeidsmarknad kan vera årsaken til endringa.

Sp: -Forslaget om å auka arbeidsgjevaravgifta kom frå Høyre

Forslaget om å fjerna distriktsfordelen for Finnøy i arbeidsgjevaravgifta, kom frå Solberg-regjeringa, opplyser Senterpartiet.

FINNØY: Arbeidsgjevareavgifta i Finnøy er auka frå 10,6 til 14,1 prosent i statsbudsjettet, gjeldande frå nyttår.

-Dette er eit forslag som Solberg-regjeringa kom med, opplyser Geir Indrefjord, finanspolitisk rådgjevar i Senterpartiet til Øyposten.

Han legg til at slik han les forslaget er det ikkje politisk motivert.

-Det har nok med det å gjera at distriktsindeksen for Finnøy er endra. Det kan skuldast folkevekst eller betring i arbeidsmarknaden, men skal du ha nærare grunngjeving må du kontakta Finansdepartementet, seier Indrefjord.

-Ville det vore mulig å gjort unntak for øyane utanom Finnøy og Talgje?

-Eg kjenner ikkje til det, endringar blir gjort kommunevis, så vidt eg veit, seier Geir Indrefjord.

Krfs Henrik Halleland hare sendt eit spørsmål til ordføraren om saka, kor han hevdar at endringa kjem på toppen av auka straumpris og CO2-avgift. Han skriv også at næringslivet aldri blei informert om endringane.

Halleland bed ordføraren svara på om kommunen var kjent med eindringa i forkant av budsjettvedtaket i Stortinget, og om kommunen vil kunna ta initiativ for å endra ordnionga igjen, viss det viser seg at dette får store følger.