Leiar i Finnøy og Rennesøy landbrukstenester Arne Madland.
Leiar i Finnøy og Rennesøy landbrukstenester Arne Madland. FOTO: Rune Nedrebø

Slutt på redusert avgift for næringslivet i Finnøy

Arbeidsgjevaravgifta i Finnøy kommunedel gjer ei hopp frå 10,6 til 14,1 prosent frå nyttår, har Stortinget vedteke.

 

FINNØY: Endringa gjeld for mindre og mellomstore bedrifter, og for landbruk og gartneri. Blant dei som blir ramma av avgiftsendringa er Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester.

-Eg reknar med at det vil påføra oss ei ekstrarekning på halvannan million som me må fakurera bøndene, seier dagleg leiar Arne Madland til Øyposten.

Finnøy kommunedel har lege i sone 1 a, som av distriktshensyn har hatt ei redusert avgift. Nå er dette endra. Rennesøy hadde også tidlegare 10,6 , men har nå hatt 14,1. I tillegg til Finnøy kommunedel er endringa også blitt gjort gjeldande for Vindafjord, mens både Suldal og Hjemeland får behalda satsen på 10,6 prosent. Endringa blei vedteke i Stortinget rett før jul.

-Dette er ein nedtur som i stor grad har gått under radaren. Hadde det vore søkelys på dette tidlegare i prosessen, hadde det kanskje gått an å endra. Men nå trur eg det blir vanskeleg, seier Arne Madland.

Elise Lunde. rådgjevar i Finnøy Økonomi FOTO: Finnøy Økonomi

Ifølge Elise Lunde, rådgjevar i Finnøy Økonomi, vil endringa gjelda det meste av næringslivet i Finnøy.

-Det er bare større bedrifter som har hatt 14,1 til nå. Dette var også noko som blei lova i intensjonsavtalen at Finnøy skulle få behalda. For kvar million ei bedrift betalar i løn, betyr dette ei ekstrautgift på 30.000 kroner. For eksempel for gartneri, som i utgangspunktet er pressa på grunn  av høge energiutgifter, kjem dette nå på toppen, seier Lunde.

Krfs Henrik Halleland er også informert om endringa.

-Det burde i alle fall blitt gjort eit unntak for øyane utanom Finnøy og Talgje, for dei oppfyller alle kriterier for distriktspolitiske tiltak, seier Halleland.

Han varslar at han vil gå vidare med saka til kommunen.

Henrik Halleland (krf)