Sjøen er flott, men kan også vera ein farleg ven. (Illustrasjonsbilete)
Sjøen er flott, men kan også vera ein farleg ven. (Illustrasjonsbilete) FOTO: Terese Torgersen

Færre enn på lenge drukna i Rogaland

Talet på drukna i Rogaland viser ei gledeleg utvikling. I fjor var det seks som omkom på sjøen, noko som er det lågaste talet på fleire år.

STAVANGER: I Stavanger kommune var det ein som omkom, og ulukka skjedde i byen. Elles er det dei ytre kyststroka som dominerer, og det er ei overvekt av personar i aldersgruppa 61 pluss. Tre var eldre enn 61 år, to i aldersgruppa 26-40 år og ein i aldersgruppa 15-25 år.

Fire omkom i ulukker knytta til fritidsbåt, ein frå fall og ein av annan grunn. Året før var det 10 som omkom, og året før det heile 14. Det var iukkje drukningsulukker i øyane i fjor.

Kartet som viser kor drukningsulukkene skjedde i fjor.