Hedda Haraldseid (t.v.) og Svanhild Haugstad frå Sanitetsbataljonen på Sætermoen er klar til å setja sprøyter både på Finnøy og Rennesøy denne og neste veke.
Hedda Haraldseid (t.v.) og Svanhild Haugstad frå Sanitetsbataljonen på Sætermoen er klar til å setja sprøyter både på Finnøy og Rennesøy denne og neste veke. FOTO: Rune Nedrebø

Vaksinebuss til Judaberg og Vikevåg også neste veke

Vaksinebussen dukkar opp igjen også neste veke, både på Judaberg og i Vikevåg. Det var stor pågang då vaksinebussen dukka opp på Judaberg for første gang i det nye året, onsdag denne veka. Bussen blir ståande der også torsdag, og køyrer vidare til Vikevåg fredag og laurdag.

FINNØY-RENNESØY: Bussen kjem tilbake også neste veke. Då kjem han til Judaberg onsdag 12. januar,  frå 09.00 til klokka 18.00. Deretter blir det Vikevåg torsdag 13. januar, i same tidsromet.

Pågangen på vaksinebussen første dag på Judaberg, var stor.

-Det var fullt køyr og kø heile dagen, seier Svanhild Haugstad frå Nærbø og Hedda Haraldseid frå Skjold til Øyposten.

Kommunen har kalla inn hjelp frå Forsvaret til å få vaksinekøen unna, og dei to kvinnene tenestegjer i Sanitetsbataljonen på Sætermoen i Bardu. Nå skal dei vera i området i to veker for å hjelpa til med å setja sprøyter, mellom anna i vaksinebussen. Med på bussen er det både sjukepleiar, ambulansemedarbeidar og medic frå Forsvaret.

-Det er kjekt å kunna bistå sivilbefolkninga når det trengs, seier dei to.

Vaksinebussen åpna dørene klokka 0900 torsdag, og blir ståande fram til klokka 18.00 torsdag kveld. Fredag og laurdag blir den ståande i same tidsromet i Vikevåg.