-Det nye fjøset skal gi meg ein lettare kvardag, seier Torgeir Aartun, som flytrta dyra inn i nyfjøset rett før jul.
-Det nye fjøset skal gi meg ein lettare kvardag, seier Torgeir Aartun, som flytrta dyra inn i nyfjøset rett før jul. FOTO: Rune Nedrebø

Nytt år i splitter nytt fjøs gir pågangsmot

Ekteparet Torgeir og Yvonne Heus Aartun kunne rett før jul ta i bruk det
nye lausdrift​sfjøset på Austre Bjerga i Sjernarøyane. Det er ei
investering på rundt ni millionar, som dei håpar skal gi ein lettare
kvardag på garden.

SJERNARØY: Nyfjøset det andre lausdrift​sfjøset med
mjølkerobot i øyane, og det første som er bygd som frittståande bygg.

-Eg håpar det blir fleire etter kvart, slik at det blir eit godt miljø
for mjølkeproduksjon på Sjernarøy også i framtida, seier Torgeir Aartun
til Øyposten.

Kløbørsten har rukke å bli populær i kuflokken. FOTO: Rune Nedrebø

Dei fleste av mjølkefjøsa i øyane er frå 50- og 60-talet, noko som også
var tilfelle med fjøset til Torgeir og Yvonne.

Det var rett nok modernisert så langt som det gjekk an, men det nye
fjøset er i ein heilt annan divisjon, for å seia det slik. Mens det
gamle var knapt to meter under taket, er det nye lyst og luftig.
Grunnflata er på rundt eit mål med luftegardiner i veggene og lys- og
luftespalte i taket. I golvet er det spaltegolv av betong, mens
liggebåsane har gummimatter. Det er med andre ord alt eit nytt fjøs skal
ha.

Varme frå mjølka

Fjøset har plass til 90 dyr, med bingar for kalvane på eine sida og
kyrne på andre sida. Mjølkerobot og lettvint fôring høyre sjølvsagt
også med, og mellom dyra ruslar ein stillferdig robot som tek seg av
måkinga.

Sjølv om ky​rne bare har hatt eit par veker til å gjera seg kjent,
begynner det å «gå seg til» for dei fleste når det gjeld fôring og
mjølking.  Noko av det første dei oppdaga, var den automatiske
kløbørsten, som er blitt eit populært tilbud i kuflokken.
Varmen frå kumjølka blir brukt til å varma opp vatnet til vasking og
lunka drikkevatnet til dyra. Lunka drikkevatn, spesielt om vinteren,
gjer at dyra drikk meir vatn. Drikk kyrne for lite, kan det gå ut over
mjølkemengda og dyrehelsa.

Fritt ut og inn

Om sommaren skal kyrne kunna gå fritt ut og inn av fjøset, og sjølv gå
inn frå beite for fôring og mjølking.

-Det krev nok litt tilvenning, spesielt for dei eldre kyrne. Men ifølge
andre som har same opplegget skal det gå bra, seier Aartun, som reknar
med ein lettare arbeidsdag når nyfjøset er blitt innkøyrd, i forhold til
korleis det var i den gamle løa frå 50-talet.

-Eg må ikkje vera på plass for mjølking kvar morgon og kveld, kvardag
som helger. Eg reknar med at det nye fjøset vil gjera kvardagen min
meir familievennleg, seier han.

Frå kontoret i andre etasje har Torgeir Aartun full oversikt over fjøset gjennom vinduet, og kvart enkelt dyr på datamaskinen. FOTO: Rune Nedrebø

Eit kapittel for seg var sjølve bygginga av fjøset, som ligg på toppen
av Bjergøy. Vegen opp dit er både bratt og svingete, og ikkje bygd
korkje for betongbilar eller semitrailarar.

-Men med kreative og flinke sjåførar gjekk det heilt fint, seier Torgeir
Aartun.

Betongbilar i revers

Til dømes valde betongbilane å bakka opp, for å unngå å søla betong. Til
første støypen var det sju bilar som bakka etter kvarandre oppover den
rundt ein kilometer lange og bratte vegen opp til fjøset. Det var nok
ikkje kvardagskost for betongbilsjåførane.

-Eg trur dei syntes det var moro, seier Aartun nøkternt.

Lasta med takplater og stålkonstruksjonar måtte lossast på den nedlagde
ferjekaien på Nesheim, og fraktast opp med vanlege lastebilar.
Semitrailarane ville ikkje hatt sjans til å koma seg gjennom alle hårnålssvingane, som ​det ikkje er mindre enn seks av.

Prissmell på driftsmidlar

Innreiinga sørga Torgeir Aartun sjølv for å kjøra opp med traktor, og ​har med hjelp av familie og gode hjelpararogså montert henne. Sidan han har fagbrev som elektrikar, ordna
han også denne delen av jobben sjølv. Elles er det stort sett brukt
lokale firma som ​Østhus bygg, Finnøy Rør, Finnøy Contracting,
Aartun Maskin og Bor og Spreng frå Finnøy pluss Felleskjøpet når det
gjeld innredning og innandørs mekanisering.

Garden har ein kvote på 360 tonn, inklusiv leigekvote, og Innovasjon
Norge har stilt opp med eit tilskot på 1,6 millionar kroner. Resten må
garden klara å forrenta sjølv.

-Rek​nestykket viser at det skal gå rundt. Men kra​ftig prisauke både på
straum, kraftfor og gjødsel gjer at me forventar at myndighetene fylgjer
opp og gir oss betre betalt for det me leverer. Viss dei vil ha eit
landbruk, slik dei seier dei vil, må me kunna rekna med det, seier
Torgeir Aa​rtun.