-Det er betongelement som dette som skal lagast på Finnøy, og brukast i den nye havna i Ålesund, seier Lars Jøran Flesjå, dagleg leiar i Finnøy Betong.
-Det er betongelement som dette som skal lagast på Finnøy, og brukast i den nye havna i Ålesund, seier Lars Jøran Flesjå, dagleg leiar i Finnøy Betong. FOTO: Rune Nedrebø

Finnøy Betong skal delta i bygginga av storhavn i Ålesund

Finnøy Betong sikra seg nyleg ein av dei største enkeltkontraktane bedrifta nokon gong har hatt. Betongfabrikken skal levera element til ei ny storhavn i Ålesund.

FINNØY: -Dette er ein veldig gledeleg nyhet for oss, som sikrar oss eit godt funament for drifta i komande år, seier dagleg leiar i Finnøy Betong AS.

Kontraklten går ut på å levera 900 element til bygginga av den nye kontainerhavna i Ålesund, Flartholmen kai. Utvidinga skjer som ein følge av store mengder overskotsmasse frå bygginga av Nordøyvegen utanfor Ålesund, som nå er i gang.

Tar i bruk Plata

Elementa, som både skal utgjera dekke og bjelkar i den nye storhavna, skal støypast i fabrikken på Flesjå og deretter fraktast til Plata på Ladstein. Der har Finnøy Betong leigd eit større område for lagring av Reilstad Landbruk, og elementa skal fraktast vidare på lekter eller med skip til Ålesund frå den nedlangde ferjekaien på Ladstein.

-Det er ein stor jobb, men ikkje den mest kompliserte me har hatt. For eksempel hadde me eit oppdrag på levering av 400 element i fjor, kor kvart enkelt element var ulike og skreddarsydde for byggeprodsjektet. Det var meir arbeidskrevjande. Dette er ein enklare produksjon, opplyser Flesjå til Øyposten.

Kontrakten har ein verdi på 25 millionar kroner, og bidreg til at betong-sjefen ser lyst på framtida for Finnøy-bedrifta når det gjeld ordrereservar.

Tilbake på nivået før korona

-Me har også fleire andre spennande prosjekt på gang. Usikkerhetsmomentet er likevel råvareprisane framover, seier han.

Både betong og stål krev store mengder energi for å produsera, og i øyeblikket er energiprisane skyhøge.

-Det er baksida av medlajen med å binda seg til ei så stor leveranse som den i Ålesund, for det kan koma prisauke både på stål og betong. Men me håpar me skal ri det av også i år, og koma frå det med overskot, seier Lars Jøran Flesjå.

Finnøy Betong auka staben med tre personar i fjor, og er nå oppe på same nivå som før pandemien med 30 tilsette.