Det er dette sjøhuset som er blitt vurdert.
Det er dette sjøhuset som er blitt vurdert. FOTO: Rune Nedrebø

Sjøhuset eignar seg ikkje til hotell

Sjøhuset, som ein gong husa Rekdals konfeksjonsfabrikk på Mosterøy, let seg ikkje byggja om til moderne bruk, er konklusjonen i ein konsulentrapport.

RENNESØY: Takstforum Rogaland har på oppdrag av selskapet Sweco vurdert tilstanden på bygget, med tanke på restaurering og bruk til hotellformål. Bygget ligg på naboeigedommen til Utstein Kloster Hotel.

Men konklusjonen er at bygget ikkje er i ein slik stand at det er hensiktsmessig å bevara det. Mellom anna må golvet i første etasje hevast slik at det går klar av sjøen. Ved springflo står vatnet over golvet i første etasje. Også den enkelte etasje må hevast noko som vil forandra eksteriøret i den grad at vitsen med å bevara bygningen fell bort. Kostnadane med ei omfattande ombygging av bygningen vil dessutan langt overstiga riving og nybygg, er konklusjonen.

Sjøhuset blei oppført i 1948, etter å ha blitt flytta frå Stavanger. Ifølge rapporten finn heller ikkje byantikvaren tungtvegande grunnar til å bevara sjøhuset. Bygningen ligg innanfor «hensynssone for bevaring av kystmiljø», og det blir foreslått møte med fylkeskommunen for å endra dette.