Stavanger kommune med siste stikk til uvaksinerte innbyggarar

Alle innbyggarar mottar denne veka ein tekstmelding frå Stavanger kommune. Her får dei som har vaksinert seg hittil, ein takk «for å bidra til å stoppe pandemien». Medan dei uvaksinerte får oppfordring om å gjera det same, – eller å offisielt seie frå seg vaksina.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER: Beskjeden frå ordførarane på Nord-Jæren var krystallklar, tidlegare denne veka:

– No oppfordrer me den enkelte innbyggar om å gjera ein ekstra innsats for å halde samfunnet ope og så nær normalen me klarer. Vaksine er fortsatt det beste verkemiddelet me har mot alvorleg sjukdom. Vaksinering gjeld ikkje berre for den enkelte, men også i solidaritet med fellesskapet, sa ordførar Kari Nessa Nordtun i Stavanger, Stanley Wirak i Sandnes, Tom Henning Slethei (Sola) og Jarle Bø (Randaberg).

«Aktivt nei»

,No har Stavanger kommune også tatt eit aktivt grep for å oppfordre til vaksinering, via tekstmelding.

SMS'en kan du sjå i galleriet øverst.

– Statsforvalteren har bedt oss om å legga til rette for å få eit aktivt nei frå innbyggarar som ikkje ønsker vaksine. Me har valt å henvende oss til alle samla, framfor å samanstille informasjon frå ulike registre for å få dette til. Når me gjer det på denne måten får me også muligheit til å sei takk og minne om at det enno ikkje er for seint å bestille time til vaksinering, fortel Kristine Skjøthaug, avdelingssjef for e-helse og velferdsteknologi, i ei pressemelding frå kommunen.

Skjøthaug opplyser vidare at kommunen har valt ei tilnærming kor dei i aldersgruppene mellom 18 til 64 år blir kontakta.

– Me inviterer også til å gi et aktivt nei - som etterspurd av statsforvalteren. Det er heilt frivillig å sei aktivt nei, og det er knytta samtykke og personvernerklæring til registreringa, på lik linje med dei som booker vaksinetid, forklarer Skjøthaug.

Over 86 % med 2. dose

Hittil har over 90 prosent over 18 år i Stavanger tatt første vaksinedose. Medan over 86 prosent i same gruppe har fått dose to.

 Statistikk over vaksinerte i Stavanger kommune, per 25. november 2021.
Publisert: