Prøver å få Øyfast tilbake på sporet

Ein arbeidsplan i fire punkt skal få Øyfast tilbake på sporet. Det blei resulatet av møtet om Øyfast med tidlegare sjefingeniør i Statens Vegvesen, Bjørn Alsaker, på Finnøy torsdag.

-Store kostnader med å oppretthalda dagens reisemønster, seier Bjørn Alsaker. I bakgrunnen Daniel Nedrebø.|Ottar Sandanger A(ap), nærast, Kjell Nes, Henrik HGalleland og Daniel Nedrebø var med på møtet med Bjørn Alsaker.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY

: -Me må bare innsjå at det ikkje er mange i det politiske miljøet i Stavanger som tenkjer på Øyfast, prosjektet står litt i stampe for tida, seier Aps Ottar Sandanger.,

Nå skal det likevel gjerast eit nytt forsøk på å få prosjektet ut av dødvatnet, og Bjørn Alsaker vil koordinera arbeidet. Han gjekk av frå stillinga si i vegvesenet i fjor, og driv nå som frittståande konsulent.

Det var mellom anna "gamleordføraren i Finnøy", Kjell Nes som iunviterte Alsaker til ein uformell prat på Innbyggartorget om Øyfast. Med på møtet var også Henrik Halleland, Daniel Nedrebø og Ottar Sandanger.

Gratis ferjer

Der blei det enighet om ein arbeidsplan i fire punkt:

Det må lagast ein miljørekneskap for prosjektet., Det må koma handfaste tal på bordet for økonomien i prosjektet, spesielt med tanke på kor mykje ferjeavløysingsmidler som vil vera disponible. Kostnadane med gratis ferjer og elektrisifisering av båttilbudet er blant det som må reknast på., Det skal haustast erfaring av arbeidet med Nordøyvegen i Møre og Romsdal. Det er eit vegsamband til fem milliardar som bind saman ei rekkke mindre øyar., Øyfast må igjen koma på banen i media.

Alsaker seier til Øyposten at han fortsatt er optimist på prosjektet sine vegne.

-Å bruka 3,5-4 milliardar på eit prosjekt som relativt få vil dra nytte av, kan virka i overkant for nokre. Men det ,å me sjå opp mot dei enorme kostnadane det er å gje øyane eit godt tilbud med ferjer og hurtigbåtar, seier Alsaker.

-Kva med å splitta opp prosjektet i to eller fleire bitar?

-Eg har vore inne på tanken, men resultatet blir for intern krangel som endar med at ingen får noko, konkluderer han.

,Ottar Sandanger A(ap), nærast, Kjell Nes, Henrik Halleland (krf) og Daniel Nedrebø var med på møtet med Bjørn Alsaker.

FOTO: Rune Nedrebø

Kjell Nes er likevel ikkje framan for tanken om å splitta prosjektet.,

-Viss me kunne få ei løysing der det blei redusert frå to til ei ferje, utan at det gjekk ut over tilbudet, er eg ikkje framan for det, seier han.

Saknar engasjement frå dei unge

Likevel er det enighjet rundt bordet om at det beste vil vera å kjøra på med "full pakke", dvs heile Øyfast-prosjektet som ein samla plan.

-Visss det skal splittast i til dømes to bitar, er dette noko som må bestemmast påp politisk nivå, og ikkje av oss, er oppfatninga.

Daniel Nedrebø etterlyser større engasjement blant dei unge for Øyfast.

-Det forundrar meg at det bare er oss "gamlingar" som står mest på for Øyfast, seier han.

Publisert: