Kulse på kaien for han som skal seja frukt og saft

-Kaldt, jo, det er det. Det spørs om eg ikkje må ha ein «liten skarp ein» å varma meg på når eg kjem heim, seier Karstein Anvik frå Halsnøy. Han har rigga seg til på Judabergkaien for å selja epler og heimepressa eplesaft på det som må vera den kaldaste dagen hittil i haust.

Det er ein kald fredag på kaien, men Karstein Anvik let seg ikkje skræma, og har rigga seg til med salg av frukt og saft.,
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Ein isande vind som går gjennom marg og bein kjem inn over fjorden frå Fogn. Nei, ikkje bare frå Fogn, heilt frå dei snødekte ryfylkefjella, som ser heilt blåkvite ut i kjølen.,

Anvik er kledd i tjukk varmedress og lue, men likevel tykkjer han det er "kulse på kaien".

-Eg lurte ei stund på om eg skulle reisa, men det blei til det like vel, seier han. Med seg i bilen har fruktdyrkaren frå Halsnøy epler av typen Rubinstep, Aroma og Ingrid Marie.

-Det er safta som er mest populær. Nokre kjøper fleire kartongar av den, opplyser han.

 Anvik har saft frå ein ny type epler, Rosetta, som gir ei raud eplesaft.

Smaksprøvar tilbyr han også.

-Det må eg ha, for folk er litt usikre på kva dei skal velja, seier Anvik, som har saft frå Aroma, Karen Schneider samt ein ny type epler som heiter Rosetta.

-Den gir raud eplesaft, reklamerer Anvik, og byd på ein smaksprøve.

Den fell godt i smak hos Øyposten sin utsende, fyldig og med ein utprega smak.

Publisert: