Vil blåsa liv i Stavangers utkantar

Ein samla opposisjon legg inn fem millionar i sitt alternative Stavanger budsjett, som skal øyremerkast til å skapa nytt liv i distriktsområda i Stavanger. 

Henrik Halleland og Sissel Knutsen Hegdal er enige om at det er nødvendig å snu tren den med nedgang i folketalet i Stavangers utkantar
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY: -Det er første gang i inneverande periode at me leverer eit felles budsjett saman, seier Høyres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal til Øyposten. Saman med Krfs gruppeleiar i kommunestyret, Henrik Halleland, presenterer ho det som er «distriktsatsinga» i opposisjonen sitt budsjett, som Høyre, Venstre, Krf, Pensjonistpartiet og Frp stiller seg bak.,

-Me tenkjer oss eit spleiselag saman med staten, på same måte som staten bidrog til Storhaug-prosjektet i byen for å utvikla den bydelen, seier Halleland.

Svikt i folketalet

Tanken er at kommunen i samarbeid med staten skal laga eit felles prosjekt som skal peika ut kva som må til for å snu trenden med nedgang i folketalet i utkantane i kommunen.

-Viss det må byggjast ein veg, så må den byggjast. Viss det er ferjeavløysingsmidlar som må til, må me vita kva me har å rutta med, seier Halleland vidare.

Både Halleland og Knutsen Hegdal meiner at det politiske fleirtalet har gjort alt for lite for å fremja Øyfast-prosjektet overfor fylkeskommunen.

-Viss Stavanger sin ordførar legg tyngden bak prosjektet, vil det bli lagt merke til. Det gjeld om å pressa på, meiner Halleland.

Pengar til gang- og sykkelveg

-Kjem du til å jobba for at Øyfast blir realisert viss Høyre får ordføraren etter valet?

-Me må få alle tal på bordet, her er det gjort fint lite frå fleirtalet si side hittil. Så vil det nok vera ulike meiningar i Høyre om dette er det viktigaste prosjektet. Men eg stiller meg fullt og heilt bak intensjonsavtalen, og det den seier om Øyfast, seier Knutsen Hegdal.

I budsjettforslaget frå opposisjonen er det også sett av pengar til å fullfinansiera gang- og sykkelvegen frå Nådå til Judaberg.

Publisert: