Her pyntar dei: På lørdag kan du finne julestemninga på Rennesøy

Det blir servering av julegraut, opning av pepperkakeby, julegrantenning, og kino, når eldsjelane på Rennesøy lager til førjulskos.

Det pyntes til jul i Vikevåg sentrum. På lørdag skal lysa på dette flotte treet tennes.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Det slås på stortromma i Vikevåg sentrum på lørdag. Då er det nemleg førjulsarrangement, med mykje på plakaten.,

– Me vil rett og slett prøve å få samla innbyggarar og familiar før jul, med eit koseleg førjulsarrangement, fortel leiar for Rennesøy kommunedelsutval, Terje Øvrebø.

Pynta til jul

Saman med frivilligleiar Bjørg Vestø og frivilligsentralen, samt Rebecca Egeland ved Rennesøy folkebibliotek, har dei jobba for å lage et bra opplegg. Og Lene Bø-Pedersen Dalaker frå Lykkelig AS har hatt ein finger med i spelet når det gjeld julepynten i sentrum. Det trur Øvrebø vil gje eit bra sluttresultat.

Arrangementet starter med servering av julegraut ved Frivilligsentralen, klokka 14.

Deretter opnar «pepperkakebyen» på biblioteket. Det er ei utstilling av flotte pepperkakehus som barna i barnehagane og SFO har laga. Her får innbyggarane vera med å kåre det finaste pepperkakehuset.

 Arkivfoto av MS Hulda pynta med lys i Vikevåg sentrum.

Juletretenning

Etter dette skal kommunedelsleiaren tenne julegrana. Det blir akkompagnert av både skulekorpset og «gamlakorpset».

Dagen avsluttes med gratis bygdekino med «Jul i flåklypa» på Rennesøy kulturhus.

– Me håper, og trur det blir bra. Me gler oss i alle fall. Me har prøvd å laga det ekstra kjekt, for å samla innbyggarane, seier Øvrebø til Øyposten, og legg til:

– Alt er gratis, altså.

Det kan også nemnas at det skal vera eit «fredagstreff» med julekos og verkstad på innbyggartorget på føremiddagen 3. desember, det er ope for alle.

https://www.oyposten.no/2021/11/16/feira-50-ar-med-brask-og-bram/

Publisert: