Napp i byen for aktivitetsparken på Judaberg

Planane for aktivitetsparken på Judaberg er komen eit viktig skritt vidare. Fleirtalspartia i Stavanger ber om at det blir sett på muligheten for å få parken realisert, i sitt forslag til neste års Stavanger-budsjett

Birger W. Hetland (sp), til venstre,  Tor Eggebø frå Finnøly Idrettslag og Ottar Sandanger (ap) har stor tru på planane på Rygjabø.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

-Dette er heilt topp, seier intiativtakar til planane, Tor Eggebø til Øyposten.,

Fleirtalspartia legg fram endringane i neste års Stavanger-budsjett først torsdag, men tysdag kunne kunne leiaren i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland (sp) og Ottar Sandanger (ap) røpa for Eggebø at det var napp for planane om aktivitetsparken på Finnøy.

-Me legg ikkje inn pengar nå, for først må parken planleggjast og kostnadane må koma på bordet. Men det at me omtalar planane og legg inn ei bestilling til kommuedirektøren om å sjå på mulighetene for å få realisert parken, forpliktar sjølvsagt. Me legg ikkje inn dette utan at me meinar noko med det, forsikrar Hetland.

Tor Eggebø, som er leiar i aktivitetsgruppa i Finnøy idrettslag, tok turen til Stavanger saman med leiaren i Finnøy idrettslag, Bendik Heggelund, for å presentera planane for det politiske fleirtalet, då dei for litt sidan inviterte lag og organisasjonar til å koma med innspel til budsjettet.

Det har tydelegvis gitt resultater. For i kommentarane til budsjettet skriv fleirtalet at:

"Finnøy IL ønsker å etablere en aktivitetspark på den gamle tomten til Rygjabø videregående skole. Aktivitetsparken er planlagt finansiert gjennom et spleiselag av lokal dugnad fra Finnøy IL, spillemidler og støtte fra Stavanger kommune.

Det bes om en sak til utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog, der en ser på mulighetene for å få realisert en slik aktivitetspark".

-Det ert veldig kjekt at me har fått velvilje for prosjektet vårt hos fleirtalspartia. Dette har gått mykje raskare enn eg våga å håpa på, seier Eggebø, som rosar leiaren i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland, for å ha stått på for prosjektet.

Hetland på si side kvitterer med at planane i Rygjabøparken ikkje ville blitt noko av om det ikkje var eldsjeler som Eggebø som står bak.

Planane går ut på å laga ein aktivitetspark, som skal vera for alle aldersgrupper. Mellom anna skal det lagast skatebane, sykkelbane og utandørs treningsanlegg. Forslaget går også ut på å rusta opp tennisbanen, og idrettslaget har også involvert Finnøy hagelag i planane.

Det åtte dekar store området er eigd av kommunen, og Eggebø meiner det har ei perfekt plassering for å laga til ein aktivitetspark.

-Me har skulen, hallen og eldresenteret i umiddelbar nærleik. Dessutan er Judaberg eit knutepunkt også for dei andre øyane, påpeikar han.

Ifølge Aps Ottar Sandanger kan planane koma til å bety mykje for kommunedelen.

-Det er ogsaå viktig at aktivitets0parken er tenkt for alle aldergrupper, seier han.

Publisert: