Covid 19 på sentralskulen og på aktivitetsdag

Det er oppdaga eit tilfelle av Covid 19 på sentralskulen på Finnøy, Også under «Superhelga» i Fleirbrukshallen i helga var det eit smitta barn.

FINNØY: Finnøy Idrettslag melder på si nettside at eit barn som deltok på begge arrangementa i Fleirbrukshallen laurdag og søndag, testa positiv på Covid 19 mandag kveld.

«Barnet utviklet symptomer først mandag morgen, og har blitt isolert siden. Etter det FIL erfarer er den mest sannsynlige smitteveien via sentralskolen, og ikke gjennom våre aktiviteter eller arrangementer», skriv FIL.

Sentralskulen skriv på si nettside at ein gjest som var innom skulen i sist veke, samt ein elev på småskuletrinnet har testa positiv på Covid 19.

Skulen har vore i tett dialog med smittesporingsteamet, og fått beskjed om at eleven ikkje var smittebærar før etter at skuleveka var slutt. Eleven var ikkje på skulen måndag.

«Dersom smittesporingsteamet vuderer at nokre elevar bør testa seg, vil dei få direkte melding», skriv skulen på si nettside.