Her er bildet «alle» snakkar om no. Den viser statistikk for veke 44, og blei publisert på Facebook av FHI mandag 15. november.
Her er bildet «alle» snakkar om no. Den viser statistikk for veke 44, og blei publisert på Facebook av FHI mandag 15. november. FOTO: FolkehelseinstituttetBilde 1 av 1

LEIAR:

Om Facebook, koronavaksiner og tidleg feiring

«Nei, du  ikkje vaksinere deg. Men du må forhalde deg til fakta.» Denne veka har redaktør-vikar Iris og journalist Oddbjørg skrive leiar om vaksineskepsis, smittetrykket i Rogaland, og gjenopningsfeiring.

Dette er ein leiar. Innlegget gjer uttrykk for avisas haldningar.


LEIAR: Det nærmar seg høgtid, og med det også trivelege familieselskap. Men no til dags kan det fort bli litt mindre hyggeleg når den «store stygge ulven», koronapandemien, blir tatt opp i samtale. For det er fort slik at det også kan bli steile diskusjonar, også mellom folk som er glad i kvarandre. For eksempel, dersom «Frida» er fullvaksinert, medan «Marius» på andre sida av middagsbordet er heilt og haldent mot vaksiner, og alt det inneber.

Nokre meiner blant anna at det er like stor risiko for fullvaksinerte å havne på sjukehus, som det er for uvaksinerte, noko som ikkje stemmer. Folkehelseinstiuttet har i lang tid forsøkt å stadig komma med oppdatert og faktabasert informasjon, men det blir gjerne ignorert av dei som er imot koronavaksina. Men no kan det sjå ut som at Folkehelseinstituttet har «knekt» koden for å gjera argumentasjonen kort og grei, men velinformert.

Denne veka gjekk nemleg eitt av FHI sine Facebook-innlegg, mildt sagt, viralt. Tanken var berre å legga ut ein enkel post for å vise nøyaktig kor mange uvaksinerte, og kor mange vaksinerte, som var innlagde på sjukehus i veke 44. Men no har fleire medier skrive om innlegget fordi det blei delt så mykje på veldig kort tid. Eit velinformert og lett forståelig innlegg, blei dermed fort populært, og i skrivande stund er det delt over 25.000 gonger. «Me har openbart truffe eit behov», sa FHI-direktør Camilla Stoltenberg om Facebook-innlegget til Aftenposten på mandag.

Fortsetter FHI i disse baner kan «Frida» trygt ha dei i ryggen, for å legga akkurat den delen av diskusjonen død. Pandemien er nemleg ikkje over, og me må diverre halde ut med ord som «dugnad» i kvardagen litt til.

Nei, du ikkje vaksinere deg. Men du må forhalde deg til fakta.

Av Iris Elin Ullvang, redaktør-vikar

Feirer me for tidleg?

At tida med strenge restriksjonar er over, har blitt feira over heile landet. Etter snart to år med strenge levereglar kjennes det godt å endeleg kunne leva normalt igjen. Difor slår kommunen på stortromma med «gjenoppdagelsesfest» heile helga.

Mange har spurt seg kor lurt det er med eit slikt arrangement så lenge pandemien ikkje er over. Tvert imot. Smitten i Stavanger er skyhøg. 129 personar i Rogaland fekk påvist korona, siste døgn, før avisa gjekk i trykk. Og tidlegare i veka blei det diskutert om det er nødvendig å innføra koronapass.

Med dette bakteppet høyrest det litt ut som eit paradoks å arrangera folkefest. Når det er sagt, er me ikkje i tvil om at kommunen har diskutert dette nøye. Og me forstår at for dei som driv med kultur og uteliv i Stavanger er dette ein kjærkommen moglegheit. Og ikkje minst for folk si mentale helse, er det viktig å få møtast igjen og leva mest mogleg normalt. Men pandemien er ikkje over, og langt frå alle er fullvaksinerte – i Rogaland er det rundt 66 prosent.

Så spørsmålet er: Ville det det ikkje vore betre å venta med storfeiringa til det største smittetrykket har lagt seg? Når folk i tillegg er sveltefôra på fest og moro, kan det fort bli lett å gløyma smittevernsreglane. Det blei tydeleg fleire stader i landet då samfunnet gjenopna, og smitten skaut fart på nytt.

Tidlegare kommunelege i Finnøy, Eivind Vestbø, seier i ein artikkel i Øyposten, at Stavanger kan nærma seg eit punkt kor full nedstenging kan bli aktuelt, men at risikoen vil avta med fleire vaksinerte.

Av Oddbjørg M. Måland, journalist


Har du noko på hjarta? Send oss gjerne lesarinnlegg eller debattinnlegg! Send til bladstova@oyposten.no.