Bondelaga: Kårhus kan bli ein klamp om foten

Bønder som vil satsa må ikkje påtvingast kostnader som gjer at dei misser motet, meiner bondelaga i øyane, som ser med uro på statsforvaltaren sin politikk i frådelingssaker.

Statsforvaltaren i Rogaland held til i Stratens Hus på Lagårdsveien i Stavanger.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Bondelaga i tidlegare Finnøy kommune ser med bekymring på Statsforvaltaren i Rogaland si handsaming av delingssaka på Gnr. 124 Bnr. 2 i nye Stavanger kommune.,

Me meiner at ein skal vere restriktiv i delingssaker, særlig såkalla "slakting" av gardar. I denne saka er det ikkje snakk om dette. Her blir kårhuset, som ligg langt frå driftssenteret, ein "klamp" om foten for nye eigarar.

Grunna at kårhuset bind opp kapital, vil desse slite med å kunne finansiere ny driftsbygning. Denne må  byggjast innan 13 år for å kunne oppfylle lausdriftskravet.

Me slit med at fleire her i området, ved f.eks. generasjonsskifte, avsluttar melkeproduksjonen, fordi investeringsbehova i høve til lausdriftskravet er for store.

Me ser det som veldig positivt at unge par med pågangsmot ynskjer å kjøpe og drive melkebruk , Då må ikkje desse påtvingast kostnader som drep initiativet, og fører til endå ei avslutta melkedrift.

Me har teke kontakt med Norges bondelag for å be om deira bistand til å avklara spørsmålet om kva som er nasjonale interesser i følge plan- og bygningslova, og kva som skal besluttast i kommunane etter jordlova paragraf 12.

Av Jon Arne Vadla, Sjernarøy bondelag

Eirik H. Bleie, Finnøy bondelag

Ann Mari Lindanger, Ombo bondelag

Publisert: