På søndag kan du prøva deg som speidar

Førstkomande søndag er det åpen dag ved speidarbasen på Eggebøstemmen. Arrangementet går frå kl. 14.00 til 17.00 og er åpent for alle som vil. 

Speidaraktivitetar ved Eggebøstemmen. Søndag blir det åpen dag her.|Speidarbasen ved Eggebøstemmen kan få kraftlinjer rett over seg.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Finnøy og Talgje KFUK-KFUM-speidarar åpnar dørene ved Eggebøstemmen, speidarbasen på Berge på Finnøy. Området ligg få minutt å gå frå parkeringa til Teigen.,

 Padling står på programmet.

Det blir roing og kanopadling, bålkos og ulike postar. Her vil ein kunne prøve og lære enkle speidarferdigheiter. I kiosken kan ein kjøpe seg ei pølse som ein kan grille. Her er også kaffe, bakst og «lørdagsgodt». Kiosken tar kun betaling med Vipps.

Ein treng ikkje vere tilknyta speidargruppa for å delta. Alle er velkomne, og ein kan kome og gå som det passer. Sundag er det åpent hus for store og små.

Publisert: