Gratulasjonar til både Kari og Dagny

Det er første gang ein Stavanger-ordførar tar barselspermisjon, og det er første gang Sp får styra byen. Begge deler vekker oppmerksomhet.

Terje Øvrebø, leiar i Rennesøy kommunedelsutval, gratulerer både Kari og Dagny.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

Det var måndag det blei kjent at Stavanger-ordføraren er gravid, og terminen er i midten av april. Det betyr at varaordførar Dagny Sunnanå Hausken frå Mosterøy overtek ordførarklubba i slutten av mars og fram, til Nessa Nordtun vender tilbake, etter planen ein gong i haust.,

Det er første gang at ein sitjande Stavanger-ordførar går i barselspermisjon, og det er også første gang av Senterpartiet har toppvervet i energibyen Stavanger.

-Det er all grunn til å gratulera begge, seier Sp sin frontfigur i Rennesøy, Terje Øvrebø til Øypostren.

-Det er kjekt for Kari og familien, sjølvsagt, og det viser også at det går an å kombinera familieliv og politikk. Og slik må det vera, seier Øvrebø til Øyposten.

Han synes også det er stor stas at Stavanger får ein midlertidig ordførar frå Rennesøy kommunedel.

-Det har har aldri hendt før at ordføraren ikkje kjem frå Stavanger by, og det er også første gang Stavanger får ein ordførar frå Senterpartiet. Det er sjølvsagt stas, ikkje minst sidan Dagny er frå Mosterøy, seier Øvrebø.

Også ordførar Bjørn Laugaland (Sp) i Hjelmeland gratulerer, og i likhet med Kvaløy går gratulasjonane både til Kari Nessa Nordtun og til Dagny Sunnanå Hausken.

- Det er kjekt for Kari dette. Og kjekt at Dagny får prøva seg, seier Hjelmeland-ordføraren.

-Det er vel stas i Sp dette?

-Klart det, det er ikkje kvardagskost at Sp får styra ein svær by. Men det er ein jobb Dagny er veldig godt skikka til, seier Bjørn Laugaland.

Publisert: