Pengesetlane flagra som lauv i haustvind på basaren

Basarhungrige øybuar møtte opp i stort antal då Sjernarøy Husflidslag hadde loddsal og trekning for første gang sidan 2019. Resultatet blei ein berepose full av pengesetlar.

Mykje folk på basaren på Sjernarøy.||||Neste år bør dei nok skaffa seg eit større pengeskriv, viss ikkje Vipps'en har teke basargjengarane.|||Konsentrasjon og godt humør rundt dette bordet. Frå venstre Liv Eldbjørg Norheim, Ger Samuelsen, Jon Tandrevoll og Arne Samuelsen.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

SJERNARØY

: -Det er veldig kjekt det kom, så mange. Eg dekka til 75 men mpåtte til med fleire stolar og meir pådekking, seier Thomas Genthner, leiar i Sjernarøy Husflidslag til Øyposten.,

Det var bortimot 100 gevinstar som skulle loddast ut, 12 av dei laga av husflidslaget sjølv. Den gjevaste gevinsten var ei flott trekiste med smijernsbeslag, som det rett nok bvare var foto av. For der gjenstod det fortsatt litt arbeid på basaren gjekk av stabelen, men ferdig skal ho bli, lovar Genthner.

 Neste år bør dei nok skaffa seg eit større pengeskriv, viss ikkje Vipps'en tek overhand innan då.

-Det er mange fine gevinstar, ikkje tullegåver, og mykje er gitt av lokalt næringsliv, legg han til.

Sjernarøy Husflidslag har i underkant av 40 medlemmer, og har nå kome i gang igjen med aktivitetane etter kloronaen. Det er barnekurs, trearbeid og vevkurs. Barnekurset har i øyeblikket åtte ungar, som høvlar, limer og spikkar i kjellkaren på grendahuset på Kyrkjøy.

 Konsentrasjon og godt humør rundt dette bordet. Frå venstre Liv Eldbjørg Norheim, Gerd Samuelsen, Jon Tandrevoll og Arne Samuelsen. Loddseljar er Odd Magne Hiim.

-For å vera med må folk melda seg inn i husflidslaget, noko som gjer at deg håpar me bikkar 40 medlemnmer i løpet av året, seier leiaren i laget.

Inntekta frå basaren skal uavkorta gå til drifta av husflidslaget.

Publisert: