Familiebadinga i gang, treng fleire badevakter

Familiebadinga er i gang igjen, men symjehallane på Finnøy og på Rennesøy treng fleire som vil vera badevakter.

Symjehallen ved sentralskulen på Judaberg.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY-RENNESØY:

-Det vil vera flott om me kan få folk som me kan ringja til når me treng badevaktere, seier John Arne Sæthre, som har ansvaret for dei to symjehallane.,

Symjehallen på Finnøy har begynt med familiebading igjen på laurdagane, mens det er familiebading i hallen på Rennesøy onsdag og søndag.

-Me har ikkje måtta avlysa badingar så langt, men det kan vera vanskeleg å få til viss nokon av dei faste vaktene blir sjuke eller må melda forfall. Då ville det vore heilt supert for oss å ha nokon å ringja til, det gjeld både på Finnøy og på Rennesøy, seier Sæthre, som legg til at dette er eit flott tilbud for øyane som det er viktig å ta vare på.

Det er krav om minst to vakter kvar gong det er bading, og vaktene må vera over 18 år.

-Dessutan må dei ta eit kurs i livredning, og ta ein dykkarprøve som viser at dei kan dykka ned til djup over to meter. Det må dei gjera i ein av symjehallane i byen, for hallane på Finnøy og Rennesøy er ikkje djupe nok. Men, dette er ein fin jobb for eksempel for ungdom som er interesserte i å tena seg nokre kroner, seier Jon Arne Sæthre.

Han bed interesserte ta kontakt med Eirin Sollid Næss i Stavanger kommune.

Publisert: