Ny Facebook-svindel: Øyposten sin redaktør blei hacka

Det kjem stadig nye måter ein kan bli svindla på sosiale medier av, og det er ikkje alltid lett å skilla mellom kva som er ekte eller ei.

Redaktør i Øyposten Rune Nedrebø.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Det er i alle fall ikkje lett å sjå at det er svindel når det blir gjort gjennom kontoen til ein du stolar på. For kvifor skulle du ikkje ville gje telefonnummeret ditt til eit familiemedlem?,

For redaktøren av Øyposten, Rune Nedrebø, var det nettopp det som skjedde ganske nyleg.

Blei lova premie

– Niesa mi spurde meg om telefonnummeret mitt, og det ga eg jo til henne, kvifor skulle eg ikkje det? Og så kom det ein kode som «ho» då sa var for eit lotteri som me kunne begge kunne vinne i, og ville at eg skulle oppgje denne. Eg stussa litt på det, men eg stoler jo på niesa mi.

Dermed oppga han også kontonummeret sitt for å få ein del av premien som «niesa» lovde han skulle få. Deretter høyrde han ikkje meir.

Nokre dagar seinare viste det seg at den same meldingen no også blei sendt frå Nedrebø sin konto og til eit stort antal av hans eigne Facebook-venner. Ein observant Facebook-venn lot seg ikkje lure og tok difor kontakt for å advare.

Facebook-kontoen hans var hacka.

Advarer andre

No vil redaktøren advare andre.

– Her må folk ikkje la seg lura. Dette har ført til at dei har overtatt kontoen min og lurar alle kontaktane mine. Viss du får ein slik melding av meg, eller andre, må du altså ikkje la deg lura, seier han.

Onsdag fekk han endeleg kontroll over kontoen sin igjen, men det varte ikkje lenge. No har han difor kontakta Facebook for å få profilen sin sletta slik at det ikkje skjer med fleire.

Slettmeg.no, som er levert av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), var ute og advarte mot den nye svindeltrenden tidlegare i år.

– Koden er i realiteten ein engangskode til kontoen din som svindlaren har etterspurd gjennom «Glemt passord»-funksjonen på Facebook, sa leiar for Slettmeg, Hans Marius Tessem, til tek.no i august.

Då hadde tenesta allereie fått mellom 15-20 henvendingar om denne svindelen på få dagar.

Øyposten har sikra eigen Facebook-side og andre tilkobla kontoar, ingen av desse er kompromittert og kan difor reknas som trygge for lesarane.

Publisert: