Mastra var klart best i lokaloppgjeret mot Finnøy

Mastra var det klart beste laget, og vann heile 5-1, då laga møttes til nabooppgjerdet i 5.divisjon på Vikevåg onsdag kveld framfor eit stort og svært tilfreds heimepublikum.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY: 

Det unge mastralaget har imponert stort i årets sesong, og pustar begge dei to topplaga Tasta og MIL i nakken, i kampen om opprykk til 4.divisjon, med sine 14 poeng etter 7 spela kampar.Det er berre eitt og to poeng bak, ettersom serieleiar Vardeneset 2 truleg ikkje kan rykke opp, fordi  A-laget spelar i divisjonen over og så langt ikkje ser ut til å klare opprykk til nivået over.,-Eg er nå ikkje heilt sikkert på om me eigentleg vil og er klar for eit opprykk heller, konstaterer ein tilfreds lagleiar og tidlegare trenar Jone Østbø, då Øyposten utfordarar han på nettopp på eit slikt scenario når status skal gjerast opp etter den siste serierunden den 30. oktober. Før den tid skal Mastra møte Tjensvoll borte førstkomande onsdag, før dei avsluttar heime mot bylaget Paradis. To kampar som bør gi full pott til eit mastralag som så langt i sesongen berre står med eit knepent bortetap (2-1) mot MIL i årets serie.,-Også det var ein kamp som me burde mint ha teke med oss eitt poeng frå, meiner lagleiar Østbø.,

Tidleg scoring

Heimelaget gjekk hardt ut, og viste heilt frå starten av at her skulle dei selgja seg dyrt. Og alt etter to minuttar låg den første ballen i nettet bak finnøykeeper Morten Engebretsen. Igjen var det toppscorar Mads Marius Hagelund Ueland som førte laget opp i leiinga. Og det skulle bli meir; For etter eit spelemessig klart overtak i store delar av 1.omgangen, kunne det som skulle bli kampens andre tomålsscorar,Erling Håvarstein, i det 15. minutt føre heimelaget opp i ei tomålsleiing.

Sjølv om kampen jamna seg noko meir ut utover i omgangen, var det likevel fullt fortent at Mastra gjekk til pause med ei 2-0 leiing. Då like etter at heimelagets nummer 7, storscorar Hagelund Ueland, umarkert og heilt aleine med keeper Engebretsen frå to meters hald presterte å setja ballen rett i fanget på både ein god og dyktig finnøykeeper.

Straffemål

På fotballspråket vert det ofte sagt at både ei 2-0 og ei 2-1 leiing er ei "farleg leiing" ved pause, noko som også trenarduoen Anders Bjørnsen og Alexander Jarle Opshaug Teigen var oppteken av i byjinga av 2. omgangen. Men nervene skulle raskt falle til ro for dei to dyktige trenarane for det velspelande heimelaget, som held fram med å dominera kampen, sjølv om nå også Finnøy spela seg til enkelte halvsjansar. For i det 63. minutt fekk laget ein korrekt idømt straffe etter ei klar felling innanfor sekstemeteren. Den sette igjen Erling Håvarstein sikkert i mål, og kampen var dermed eigentleg punktert. Og det skulle bli meir; For toppscorar Hagelund Ueland ville ikkje sjå at lagkompisen Håvarstein skulle utfordra han og bli den mestscorande i det prestisjefulle nabooppgjerdet.Eit nabooppgjerd der spelarane   også hadde ein fin sportsleg tone seg imellom. Berre 9 minuttar etter scora difor også han sitt andre for kvelden, før Torjus Halsne sette inn Finnøy sitt trøstemål og reduserte til 1-4 i det 79. minutt. I det siste spelminutt fastsette så mosterøybuen Øystein Hodnefjell sluttresultatet til heile 5-1 til Mastra.

,Dermed måtte eit skuffa finnøylag, igjen berre konstatera at det enno er eit stykke igjen opp til dei beste laga i pulja. Det trass i at også Finnøy har gjort betydelege framsteg og tidvis spela fin fotball mot dei litt dårlegare laga i femtedivisjonspulja i årets svært så korte og uvanlege fotballsesong.Også det lovar bra for framtida til finnøyfotballen.,-

Kanskje det beste Mastra-laget nokon sinne 

-Me må nok berre konstatera at det går eit betydeleg skille både mellom dei beste laga i divisjonssystemet og internt i dei ulike divisjonane etter omlegginga både på krets- og forbundsnivå. Det vil difor krevja svært mykje av både spelarane og oss som klubb om me skulle rykkja opp, konstaterer ein uvanleg nøktern Mastra-lagleiar Jone Østbø. -Det er eg ikkje sikker på om klubben eller aller mest spelarane heller eigentleg vil. Men målet må sjølvsagt vera at me går på banen for å vinna ALLE fotballkampar, avsluttar han med eit lurt smil.

Det kan føra til at det gode Mastra-laget likevel kan bli å sjå i 4.divisjon til neste sesong, om alt går deira veg i dei to siste seriekampane.Men det betingar då at både MIL og Tasta avgir poeng.,Også trenar Alexander Jarle Opshaug Teigen støttar Østebø i ei slik vurdering og nøktern tilnærming til målsettingane for klubben.-Eg trur at både Mastra og Finnøy skal vera godt tilfreds med om dei over tid klarer å ha eit attraktivt A-lag i 5. divisjon. Eit lag med lokal forankring og som spelarane finn det attraktivt å spela på både sportsleg og sosialt. Det er nettopp noko av dette me nå ser konjukturane av her  i Mastra nå, der alle utan om ein splar er frå Rennesøy-Mosterøy.,Difor vil eg primært framheva heile laget, og den positive måten me framstår på både spelemessig, og ikkje minst den fine stemninga som var ute på banen mellom spelarane under , oppsummerer Opshaug Teigen. -Slik var det også på Finnøy då me møttes til treningskamp der i sommar.Og slik skal og håpar eg at det også vel vera mellom gode naboar også i framtida. For dette er også spelarar som møtes og har det finst saman også på fritida, på tvers av øyane og klubbtilhøyre, avsluttar han.

-Dette er eit av dei beste A-laga Mastra har hatt i vårt lange fotballiv, konstaterer to svært tilfredse superveteranar, Jostein Haugvaldstad frå Mosterøy og Peder Meling frå Austre Åmøy, frå sidelinja eit godt stykke ut i kampen. Dei har sett mangt eit naboopgjerd mellom både Finnøy, Rennesøy, Åmøy og Mosterøy opp gjennom åra.Tøffe og harde kampar mellom øyalaga, der det ikkje alltid gjekk like fint for seg ,korkje på eller utanfor banen.

Publisert: