Ny utstilling på Mosterøy om Cleng Peerson og utvandringa til Amerika

Det blei både båttur med «Restauration» og opning av eit rom med mykje lokal historie, på Utstein Kloster Hotel i helga. Og det på sjølvaste Leif Erikson day.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

MOSTERØY:

Laurdag blei det feira at «Utvandrarrommet» på Utstein kloster hotell opna, i tillegg til at Restauration er ferdig restaurert. Det var altså fleire grunnar for Restauration venneforeining å feira i helga.,

– Dette er ein historisk dag, sa Hans Eyvind Næss frå Statsarkivet i sin tale.

Han var ein av fleire inviterte som har hatt ei rolle i arbeidet med utstillinga.

Mykje å feira

I Amerika er Leif Erikson day den 9. oktober. Dagen er oppkalt etter den islandsk-norske vikingen Leiv Eiriksson, som er kjend for å vera den første som «oppdaga» Amerika.

Men grunnen til at det er satt til akkurat den datoen er at det var då dei første utvandrarane frå Norge kom i havn i New York, USA. Desse blei leidd av Cleng Peerson og reiste dit i den opprinnelige Restauration-båten, som det no er ein tru kopi av på Mosterøy.

– Denne har eg ikkje kjøpt for å ha for meg sjølv, den har eg kjøpt for heile Ryfylke, sa Cato Østerhus, som er nåverande eigar av båten, til Øyposten.

I 2025 vil det vera 200 år sidan dei norske utvandrarane kom til Amerika i 1825. Det er for øvrig det same året som Stavanger fyller heile 900 år.

– Eg trur det er veldig viktig, spesielt nå som det nærmar seg jubileum, at barna våre kjenner historia vår. Noreg og Irland var dei to landa kor det emigrerte flest til Amerika, og dei fleste av oss har vel ein eller fleire slektningar der borte. Dette er ein ypperlig anledning til å bevare og knytta nye band mellom landa, sa Magnhild Meltveit Kleppa til Øyposten på laurdag.

Meltveit Kleppa var involvert i arbeidet då ho var fylkesmann (statsforvaltar) i Rogaland.

 Sven Ivar Dybdal, varaordførar i Tysvær kommune, saman med tidl. fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Viktig historie

Varaordførar Sven Ivar Dybdal i Tysvær kommune, kor Cleng Peerson hadde sitt opphav, var også til stades. Han var imponert over arbeidet som er gjort.

– Me er tett knytta til denne historia ettersom Cleng Peerson blei født på Falkeid. Me markerer sjølv dette kvart år, så eg syns det er veldig bra kva dei har fått til her. Eg trur det er veldig viktig at me tar med oss historien vidare, sa Dybdal.

https://www.oyposten.no/2021/05/06/neste-veke-kjem-restauration-heim-til-kaia-ved-utstein-kloster-hotell/

Magnhild Meltveit Kleppa er glad for at det har vore godt samarbeid i å bevara historia på tvers av fylket.

– Eg er veldig glad for at me kan feire dette i dag, og eg må sei eg er veldig imponert over den innsatsen som Tysvær kommune har gjort over lengre tid. Den kjenner eg godt til frå tidlegare samarbeid då eg var fylkesmann, fortalde ho.

Det nye utvandrarrommet fortel blant anna korleis ferda var for dei 52 passasjerane som reiste til Amerika med «Restauration». Båten var i utgangspunktet for liten, og det blei i tillegg fødd ein baby undervegs på den tre månader lange turen. Dermed blei dei plutseleg 53 passasjerar.

Publisert: