Nå blir det nye notehefter for glade musikkantar

Mosterøy skulekorps får 4000 kroner til innkjøp av nye notehefter. Pengane blei bevilga i sist møte i kommunedelsutvalet, kor det også blei gitt pengar til andre gode formål.

Mosterøy skule- og ungdomskorps spelar i forbindelse med 17. mai. Nå kan dei kjøpa nye notehefter.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Korpset søkte om 4000 kroner, og fekk søknaden innvilga. "Tiltak som kommer alle til gode", heiter det i innstillnga.,

I tillegg fekk desse innvilga søknadane sine:

Mosterøy Sanitetsforening

søkte om 23.000 kroner i støtte til Førstehjelpskurs,til alle elevar i 7.-trinn våren 2022, og fekk det omsøkte beløpet.,

Stream

søkte om 7.000 kroner  i støtte til klubbkveldar for ungdom, og fekk også imøtekome søknaden fullt ut, men under forutsetning av at midlene blir brukt til aktivitetar og ikkje til driftskostnadar.,

Rennesøy KFUM-KFUK Speidarar

søkte om 16.000 kroner i støtte til leige av,lagerrom og materiell til leirbålskappar, og fekk det dei søkte om.,

Rennesøy Husflidslag

søkte om 10.000 kroner i støtte til materiell,og kurs i Unghusflid, og fekk også det dei søkte om.,

Venneforeningen Rennesøy Bo og Rehabilitering

søkte om 20.000 kroner i støtte,til trivselstiltak for brukarane, og fekk bevilga 20.000.,

Folkrock-bandet Rygir

søkte om 7.800 kroner i støtte til å halda to folkemusikk konsertar i,Rennesøy. Kommunedelsutvalet bmeinte dette vil koma befolkninga til gode, og innvilga dermed søknaden.,

Forteljar Marianne Stenerud

søkte om 14.000 kroner i støtte til å halda fire,forteljarforestillingar «Den fantastiske hagen» i barnehagar i Rennesøy kommunedel, og fekk innvilga søknaden.,Den einaste søknaden som fekk

avslag

var frå

Mastra Hesteportklubb. 

Klubben søkte om  20.000 kroner i støtte til å lage ein trafikksikker ridesti på ein kilometer,  som særleg skulle koma dei yngste rytterane til gode. I dag er det ikkje andre muligheter for dei enn å ri på sjølve banen, på grunn av trafikken i området,  ifølge klubben.  Kommunedirektøren frårådde like vel å imøtekoma søknaden, sidan han fall utanfor retningslinene for å gje tilskot, noko lokalpolitikarane i Rennesøy slutta seg til.,

Publisert: