Straumbrota skal bli sjeldnare for øybuar
Sjernarøy-buane skal få sikrare og betre straumnleveransar, lovar Arild Flesjå i Lyse, som nå er ferdig med oppgradering av høgspentnettet på øyane.
SJERNARØY:
Arbeidet med å oppgradera straumnettet på Bjergøy og Aubø i Sjernarøyane er nå fullført, ifølge Flesjå. Sidan arbeidet begynte i sommar, har det vore regelmessige straumutkoplingar4. Men det er det nå slutt på.,
-Mer har skifta ut over 20 master på dei to øyane.Dessutan er det skifta isolatorar, traversar og diverse som gjer nettet meir framtidsretta med tanke på å kjøra høgare spenning på høgspentnettet. Dette skal gi tryggare og betre straumforsyning,l og forhåpentlegvis vil det gå lenger tid mellom kvar gong straumen fell ut, seier Flesjå, som har hatt ansvaret for å planleggja arbeidet.
Linjene på Bjergøy og Aubø er frå 50-talet, og fleire av mastene var i dårleg forfatning.