Stor gåve til speidarane

Ved speidarbasen på Talgje har det kome eit nytt, lite hus. Bygget er ei gåve frå Skavland gartneri, som kjem vel med for ei veksande speidargruppa.

Vandrartroppen ved den nye gapahuken med bod, ved speidarbasen på Talgje. Vandrarane er frå 6. til 10. trinn og har holdt på sidan våren 2020. Bygget er gitt i gåve til speidarane frå Skavland gartneri på Talgje.|Den nye Stifinnartroppen starta i haust og er for 4. og 5. trinn. Her står flesteparten av dei oppstilt på speidarbasen ved Eggebøstemmen på Finnøy.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

TALGJE:

Finnøy og Talgje KFUK-KFUM-speidarar blei stifta tidleg i 2020. Den lokale speidargruppa har base på Finnøy og på Talgje, og aktiviten vekslar mellom dei to øyane.,

Ved basen på Talgje skjer mykje av aktivitetane på sjøen, og nå har speidarane fått ei sårt tiltrengt bod til oppbevaring av redningsvestar, telt og turutstyr.  Det nye bygget inneheld også ein liten gapahuk.

- Dette er ypperleg til speidaraktiviteter, som ofte foregår i små grupper, såkalla patruljar. Sidan me er mykje ute kan det vera godt å ha eit tak å gå under, seier Jone Ullenes, gruppeleiar for speidarane til Øyposten.

Lokale verksemder stiller opp

Bygget er gitt i gåve frå det lokale Skavland gartneri, som har heile 26 mål med drivhus på Talgje.

-Gapahuken med bod er fullfinansiert av Skavland gartneri. Dette er ei stor og viktig gåve til oss som driv frivillig barne- og ungdomsarbeid. Me er svært takksame til Håvard og Edle Skavland. Gjennom denne gåva blir Skavland gartneri ein av speidargruppa sine hovudsponsorar, opplyser Ullenes vidare.

 Den nye Stifinnartroppen starta i haust og er for 4. og 5. trinn. Her står flesteparten av dei oppstilt på speidarbasen ved Eggebøstemmen på Finnøy.

Bygget er reist av den lokale bedrifta Miljøbygg, som også har ordna med søknad til kommunen kostnadsfritt.

Speidarane si nye bod med gapahuk er bygd i to delar, og er flyttbar.

- Så lenge me ikkje eig grunnen sjølv, så må me vere flyttbare og fleksible. Me har blitt godt tatt imot av Talgje båtforeining og har to båtplassar og eit naustloft like ved. Speidarbasen ligg i Gongstø, like ved hurtigbåtkaien på Talgje, seier Ullenes.

Vekst og åpen dag

Speidargruppa har i haust blitt utvida med ein ny tropp, Stifinnarane. Dette er yngre speidarar i 4. og 5. trinn. Gruppa har nå 50 speidarar totalt og heile 19 vaksne har engasjert seg som ledarar.

-Det er rom for å setja seg på venteliste, dersom nokon vil bli speidar på Finnøy og Talgje, fortel gruppeleiaren, og legg til:

-Søndag 24. oktober arrangerer me "Åpen dag" ved Eggebøstemmen mellom klokka 14 og 17. Då blir det speidaraktivitetar og godt lag. Alle er velkomne! Speidararbeidet på Finnøy og Talgje er ein del av Norges KFUK-KFUM-speidarar og bygjer på verdiane friluftsliv, personleg utvikling, kristen tru, fellesskap og samfunnsengasjement, avsluttar Jone Ullenes.

Du kan lesa meir om speidargruppa på finnoyogtalgje.kmspeider.no.

Publisert: