No har dei starta samvirke for å setta fokus på Utstein

Denne veka gjorde Visit Utstein det formelt med eit stiftelsesmøte. – En historisk dag.

Her ser du Inge Eikeland frå MUST, Inger Lise Aarrestad Rettedal frå Utstein Gard/Klostergarden, Kjetil Aano frå Stiftelsen Utstein Pilegrimsgard, Tor Gunnar Solvang frå Utstein Kloster Hotell, Arvid Kaspersen frå stiftelsen, Aina Hodnefjell Østerhus frå Galleri Utstein og Anders Schanche Rettedal frå garden.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

MOSTERØY: Med på laget er Utstein kloster, Museum Stavanger, Utstein Pilegrimsgard, Klostergarden, Utstein Kloster Hotell og Galleri Utstein. Saman er dei blitt samvirkeforetaket Visit Utstein.

Dei lokale bedriftane har gått saman om å etablera eit samvirkeforetak, med tanke på arbeidet med bærekraftig stedsdestinasjon og opplevelsesbasert virksomheit.

– Me har i fleire år tatt et felles løft i et bedriftsnettverk støtta av Innovasjon Norge og Stavanger kommune. Nå har me lyktes å etablera eit formelt samarbeid som skal styrka områdeutviklinga, skriv dei på Facebook.

Publisert: