Kyrkjerenoveringa er i gang: Det nærmar seg 1000-års jubileum

Alle middelalderkyrkjene i Finnøy og Rennesøy kommunedel skal gjennom ein betydeleg renoveringsprosess, for blant anna å istandsetta dei til 1000-års jubileet for kristninga av Norge i 2030.

Oppussingsarbeidet i Hesby kyrkje er blitt meir omfattande enn først rekna med.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Fyrst ute er Hesby kyrkje og Sørbø kyrkje. Arbeidet starta i slutten av førre veke. Det er den utvendige murpussen, samt sementfugene som skal tas fyrst.,

Må kursa murarar

Begge kyrkjene har omfattande problem med murpussen som må prioriterast. Dette arbeidet er både dyrt og krevjande. Steinkyrkjene frå middelalderen er viktige kulturminne, som er underlagt sterke føringar frå riksantikvaren om korleis arbeidet skal utførast.

Difor er det akkurat no ni fagutdanna murarar som gjennomgår eit fire vekers kurs i kalkmørtel-muring. Ein gammal teknikk som er nødvendig å læra for å kunne utføra renoveringsarbeidet.

– Å mura med kalkmørtel er ikkje dagleg kost, difor er det nødvendig å kursa dei som skal gjera jobben. Sidan me har så mange steinkyrkjer i kommunen som fortløpande skal restaurerast, er det ein stor fordel at me har lokale, kvalifiserte handverkarar som kan utføra desse speielle  jobbane, fortel byggsjef i Stavanger kirkelige fellesråd, Rune Langeland Rimestad.

Ønsker politisk medhald

Midlane er løyva frå riksantikvaren i tillegg til kommunale midlar.

– Me håper å få politisk medhald i budsjettet som Stavanger kirkelige fellesråd har lagt fram i handling- og økonomiplanen, slik at arbeidet med oppgraderinga kan fortsetta utan stopp, seier Langeland Rimestad.

Det er Fabricia Kulturminnetjenester ved Morten Stige, som er ansvarleg for kursinga av murarane.

Publisert: