Europas beste kokk disker opp på Klostergarden

Han er ein av dei beste i verdensdelen. Gjestene kan med andre ord venta seg ei gastronomisk oppleving i superklassen.

Supekokk Christian Andrè Pettersen kjem til pop-up resturanten  på Klostergarden. Foto: Privat.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Bronsevinnar i årets Bocuse d'Or, europameister og norgesmeister i kokkekunst. Christian Andrè Pettersen frå Bodø skal ta gjestene med på ei kullinarisk reise.,

Menyen på pop-up restauranten ved Utstein Klosterer er basert på kortreiste og ureiste råvarer, der det aller meste er på produsert på Klostergarden.

Bocuse d'Or i Lyon er verdas vanskelegaste og mest prestisjefylte kokkekonkurranse, så her er det all grunn til å ha forventningar til maten.

Stjernekokken skal laga ein tre-rettars middag med blant anna lam, hummar eller sjøkreps. Det kjem an på kva dei lokale fiskarane kan by på. Det blir også skinke og grønsaker frå Klostergarden.

– Kvifor blir det pop-up restaurant?

– På bakgrunn av den gode erfaringa me gjorde i 2019 då Charles Tjessem trakterte gjestene på pop-up restauranten, bestemte me oss for å prøva igjen. Viss dette blir så populært som me tur, blir det mest sannsynleg ikkje siste gong, fortel Anders Rettedal, bonde på Utstein.

Og populært har det blitt, for alle plassane 14. og 15. oktober er vekkbestilte, og fleire står på venteliste.

Publisert: