Finnøy slo kraftig tilbake

Finnøy sitt A-lag i fotball slo kraftig tilbake etter det sure tapet heime mot Vardeneset 2, då dei køyrde over Randaberg 2 og vann heile 5-0 på bortebane måndag kveld.

Midtbanespelar Jarle Mensink spela ein god kamp og var sentral då Finnøy vann heile 5-0 over Randaberg 2 måndag kveld. Foto. Per Thime
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY/RANDABERG:

Og kampen var i realiteten alt avgjort etter 20 minuttars spel, då talgjebuen Håkon Baustad Kavli sendte Finnøy opp i ei 3-0 leiing. Før den tid hadde høgrekant Flavius Mihet (10. min.) og Jarle Sigbjørn Eike(16. min.) plassert to ballar i nettet bak heimelaget sin keeper. Dette resultatet stod seg ut omgangen. Då etter ein første halvdel av kampen som Finnøy i all hovudsak dominerte fullstendig over eit svakt heimelag. Eit lag som så langt i serien heller ikkje har teke eit einaste poeng.,

Mange fekk prøvd seg

Andre omgang blei betydeleg jamnare, etter som Finnøy bytta ut fleire av sine mest sentrale spelarar og alle innbyttarane fekk prøvd seg utover i omgangen.Men det var Finnøy som framleis var det klart beste laget. Særleg venstre kantspelar Simon Tønnesen, skapte med sin fart og drive med ballen i beina  mange farlege situasjonar ,og til tider panikk i heimelaget sitt forsvar. Og det var nettopp Tønnesen som sette innbyttar Ruben Hallerud Eggebø opp, då han nermast for ope mål kontollert sette inn 4-0 til Finnøy i det 60. min. etter eit glitrande angrep. Og det skulle bli meir, men nå var rollene bytta om; For denne gongen var det Hallerud Eggebø som med ein glitrande tverrsoverpasning på eitt touch, opna heile randabergforsvaret, og sendte Tønnesen igjennom aleine med keeper. Dermed kunne banens beste aktørar, kontrollert setja ballen i mål nede i lengste hjørne for keeper i det 86. minutt å fastsetja sluttresultatet til 5-0 til Finnøy.

Svært letta trenarduo

Både hovudtrenar Erik Torger Flesjå-Johansen og assistent Sture Guttormsen var svært letta etter storsigeren, etter eit svært skuffande heimetap i forrige serierunde.

- Nå byrjar me igjen å få heng på topplaga. Men dei to neste kampane mot Tasta og Mastra vil vera heilt avgjerande for oss, seier Flesjå-Johansen.

Han vil særleg framheva den kollektive innsatsen i laget, og ikkje minst periodevis veldig bra spel som også resulterte i fleire flotte scoringar.

,- Men for oss var det viktig å igjen vinna midtbanen, som verkeleg sleit i forrige kamp. Difor var det ein styrke å igjen ha tilbake Jarle Mensink i ei sentral midtbanerolle. I dag var nettopp Mensink svært viktig og avgjerande for oss, konstaterer finnøytrenaren.

Publisert: