Går inn i julebordsesongen med manko på tilsette: – Ei stor utfordring

Gjenopninga kom brått på mange bedrifter, også i hotellbransjen. På Utstein kloster hotell har det rent inn med bookingar sidan 25. september, og no hastar det med å få på plass nokon på kjøkkenet. – Det har vore ei stor utfordring, seier Robert Raustein.

Utstein Kloster Hotell på Mosterøy er komme i fint selskap blant De Historiske.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

MOSTERØY:

Julebordsesongen nærmar seg med stormskritt, og med den nylege gjenopninga, er det mange hotell og restauranter som er i beit for folk til å både lage, og servera julematen.,

– Me har heldigvis mange gode folk, så det går rundt, men me treng likevel fleire, seier drift- og hotellansvarleg på Utstein kloster hotell, Robert Raustein.

«Headhunta» nye tilsette

Utstein kloster hotell har gjort det bra, trass pandemi. Dei har til og med gjort det bedre enn tidlegare år. Ein stor faktor var nok at det blei norgesferie for dei fleste, både i fjor og i år, nå også den nylege gjenopninga.

– Det har vore veldig kjekt, eg skal ikkje legge skjul på det. Me rekna nesten med at det skulle løsne når det var gjenopning, og nå er me stort sett fullbooka kvar dag. Ein merker at alle vil ut på tur, fortel han.

Det som hastar mest no, er å få tilsett ein kokk og souss chef på hotellet, noko også Bygdebladet har skrive om tidlegare. Å ha nok folk på kjøkkenet er logisk nok litt presserande no som julebordsesongen kjem.

– Me har leita på forskjellige stader, og tatt direkte kontakt med nokre. Det er ein del som foregår her no, så det hadde vore kjekt å få på plass nokon.

https://www.oyposten.no/2021/05/10/varm-velkomst-til-utstein-kloster-hotell/

Stor utfordring

Hotellet har difor hatt ute fleire ledige stillingar, kor dei har fått eit variert antall søkarar.

– Det har vore ei stor utfordring. Når alt har gått så bra som det no eigentleg har gjort, og så manglar me likevel folk. Det var mange kvalifiserte som gjekk ut av bransjen då pandemien kom, seier Raustein.

Diverre er ikkje alle søkarane dei får inn kvalifiserte.

– Me har tilsett ein del av søkarane. Eg tilsette faktisk fleire personar nå nyleg i helga, og nokre i førre veke. Desse blei tilsett i diverse stillingar, nokre som hotellmedarbeiderar.

Og når det gjeld kvalifiserte hotellmedarbeidarar er det tydelegvis mange om beinet. Mandag skreiv NRK Rogaland om Iris Middelved som med sin erfaring, har fått heile ti jobbtilbod i bransjen dei siste månadane.

Publisert: