Første hauststormen kan treffa øyane torsdag

Det er sendt ut mange farevarsel for slutten av veka fleire plassar i landet. I Sør-Rogaland er det meldt om kraftige vindkast, med fare for storm.

Slik kan sjøen sjå ut i natt og i morgontimane laurdag. Foto: Arkiv|Slik såg det ut frå Judaberg onsdag føremiddag.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Frå torsdag morgon og ut på ettermiddagen er det venta vest- og seinare nordvest sterk kuling til liten storm, melder Meteorologisk Institutt.

Farevarselet er sett som gult, for moderat fare, i Stavanger-området og gjeld kraftige vindkast. Lokalt kan det bli vind opp til 27-32 m/s, og kan hende full storm.

Fest lause gjenstander

Dei kraftigaste vindkasta er venta på utsette områder, spesielt i ytre strøk.

Meteorologisk institutt oppmodar difor om å sikra lause gjenstander, og å visa forsiktigheit dersom ein ferdas i strandsona.

Det blir elles overskya og litt regn utover veka, med nokre solgløtt i helga.

Publisert: