Rogaland aukar mest på sjukefråværsstatistikken

Sjukefråvær som er meldt inn av legane i Rogaland for andre kvartal har auka med 9,1 prosent sammenlikna med samme periode i 2020. Dette er den høgaste auken i Noreg.

Stavanger opplever en sterk vekst i skatteinngangen.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Til trass for auken er det legemeldte fråværet likevel eit av dei lågaste når det gjeld alle fylkene, ifølge ny statistikk frå NAV. Rogaland ligg på 4,8 prosent, medan det i Oslo har holdt seg stabilt nede på 4,1 prosent.

Sjukefråværet er for øvrig høgast i to av dei nordlege fylkene: Troms og Finnmark, samt Nordland. Begge ligg på 6,3 prosent.

Auke hos kvinner

Når det gjeld auken i Rogaland er 3,3 prosent av dette sjukefråvær hos menn, noko som blir 3,4 prosent for førre kvartal. Medan det hos kvinner har auka med heile 13 prosent sammenlikna med same tid i fjor, og er no på 6,7 prosent.

– Den kraftige auken i sjukefråværet blant kvinner ser me innanfor fleire diagnosegrupper. Dette kan henge saman med at kvinnedominerte næringar som undervisning og helse- og sosialtenester har hatt spesielt store utfordringar på grunn av koronapandemien, seier arbeids- og velferdsdirektør, Hans Christian Holte, i pressemeldinga.

På landsbasis har sjukefråværet grunna påvist eller mistenkt koronasmitte auka med 79 prosent sammenlikna med same periode i 2020. Trass dette har likevel sjukefråvær grunna luftveissjukdommar totalt sett minka, med -14,2 prosent.

Publisert: