Gjenbruk er kult

Gamle klede blei som nye då barnehagen på Fogn arrangerte bytedag denne veka.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FOGN:

- Med barnehagen sitt fokus på berekraftig utvikling, tykte me det passa fint å arrangera byttedag som eit godt tiltak mot bruk-og-kast-mentaliteten, fortel pedagogisk leiar Elin Bø Roverud ved Fogn barnehage.,

I foajeen var fleire bord fylde opp med fint brukte klede i ulike storleikar.

Borna tykte det var stas, både å få nye ting, og å gi bort det dei ikkje lenger brukar.

− Eg trur denne vil passa til Anna eller Nicola, seier Sunniva Borgemyr og held fram ein rosa ballkjole.

− Kvifor vil du gi vekk kjolen din?

− Den passar ikkje lenger, og då kan andre bruka den. Me kan ikkje kjøpa nye klede heile tida, for då blir det mindre pengar til å kjøpa mat for, og det blir meir rot heime, forklarer Sunniva.

Ein del av løysinga

− I samband med miljøfokuset vårt er det viktig at borna opplever at dei er ein del av løysinga på klima- og miljøproutfordringane, og at dei får eit besvist forhold til det. Fogn har på generelt grunnlag lange tradisjonar for at klede og leiker går i arv, så dette er såleis ikkje ein ny ting, men er ikkje mindre viktig av den grunn. Me må heile tida vise at gjenbruk er kult, og har ingenting med foreldra sin økonomi å gjera. Gjenbruk er meir populært enn nokon gong, og er på ingen måte forbunde med skam, tvert i mot. Me veit at borna har både klede, leiker og sportsutstyr som dei veks ifrå, og som er i god stand. Så i staden for at alle heile tida skal kjøpa nye ting, ønskjer å gi foreldra moglegheit til å velja annleis.

− Me handlar mykje brukt, det er enkelt, billig og effektivt, det meste kjem frå finn.no, ferdig levert på døra. Me ynskjer å læra borna å kjøpa brukt når dei ein gon blir store nok til å forstå. Det er meningslaust å kjøpa nye ting som berre passar ein sesong, fortel Sunniva Fjell som nettopp har flytta heim til Fogn med mann og to born. Ho er på jakt etter støvlar og barnehageklede til eldstedottera.

− Super ordning

Ingen måtte levera inn klede eller andre ting for å kunne forsyna seg av andre sitt.

− I og med at me nettopp har flytta til Fogn, syta me for å kvitta oss med det me ikkje trengte før flyttelasset gjekk avgårde. Men mi tid kjem. Det er heilt sikkert at eg kjem til å nytta meg av denne supre ordninga framover, seier Sunniva Fjell.

− Rammeplanen vår seier at berekraftig utvikling skal praktiserast i alle deler av barnehagen sitt pedagogiske arbeid. Det betyr at me må vera bevisste med tanke på kva me brukar og forbruker i barnehagen. Me jobbar heile tida med å bruka mindre og bruka om igjen, slik som her i dag, seier Bø Roverud.

Det var ikkje alt som fann nye eigarar på bytedagen. Desse tinga blei pakka ned og sendt til Romania.

Publisert: