Byks for Bollestad, Høyre slit i motbakke

Krf gjer eit solid byks framover på den siste partimålinga gjort av Norstar for NRK. Høyre derimot, slit i motbakke og må notera seg for ein kraftig tilbakegang i forhold til sist val.  

Olaug Bollestad på startsterken under Tomatfestivalen.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STORTINGSVAL: Mandag går landet til stemmeurnene, og i den siste partimålinga frå NRK gjort av Norstar ligg Høyre an til å tapa eit mandat i Rogaland. Krf går derimot kraftig fram og ligg nå på nivå med stortingsvalet for fire år sidan. Viss målinga også blir resultatet måndag, sit Olaug Bollestad trygt på Stortinget også dei neste fire åra.,

For dei andre partia er det bare mindre endringar. Ap fortset framgangen, og Frp går også fram i forhold til sist måling. Begge partia kan notera seg for ein framgang på eit knapt prosentpoeng. Senterpartiet går fortsatt tilbake, denne gongen med halvannan prosent sidan sist måling. Geir Pollestad er likevel sikra plass på Stortinget i følge denne målinga.

SV går fram også på denne målinga, men ikkje nok til å sikra eit mandat i Rogaland. Derimot sviktar veljarane Rødt denne gongen som har ein tilbakegang på vel ein prosent.

Dei to partia som er mest interessante er likevel Krf og Høyre. Høyre fekk 28,8 ved stortingsvalet for åtte år sidan, men er på denne målinga nede på 23,3 prosent. Det er ein betydeleg tilbakegang.

Krf, som i målinga for ein månad sidan bare fekk 4,6 prosent oppslutning, er nå tilbake på nivået frå sist stortingsval. Bråket rundt partileiar Kjell Ingolf Ropstad ser med andre ord ikkje ut til å ha hatt betydning for oppslutninga om partiet i Rogaland. Målinga er gjort frå 2. - 7. september, mens oppslaga om Ropstad sin stortingsbustad kom mandag 6. september.

Publisert: