Sp slo knock out på alle i skulevalet på Finnøy

Senterpartiet blei den store vinnaren i skulevalet på Finnøy Sentralskule.

Resultatet av skulevalet i Finnøy.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Senterpartiet fekk over 30 prosent i det første skulevalet som er blitt arrangert på sentralskulen. Det var elevar frå 6. - 10. klasse som deltok. Ingen av dei andre partia oppnådde tilsvarande resultat. Nummer to blei Krf, som fekk 12,8 prosent, mens Ap på tredjeplass fekk 10,8 prosent.,

 Steffen Steinsvik frå Finnøy har bestemt seg, og leverer stemmestelen i urna til Bjørnar Svela.

Kontaktlærar Mari Ann Runestad seier vitsen med å arrangera skulevalg både er å fylgja opp den nye læreplanen kor demokrati og livsmestring er viktige element.

-Dessutan vil me at elvane skal få oppleva korleis eit valg virkar, det gjer dei best med å delta, seier Runestad.

Publisert: