Mykje å gleda seg til på biblioteket

– Biblioteket på Finnøy har blitt ein møteplass for unge og eldre. Og fleire enn før bruker biblioteket aktivt, seier leiar Merete Meling Kindingstad.

Leiar Merete Meling Kindingstad inviterer store og små til Finnøy bibliotek i vinterferien.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Biblioteket samarbeidar med fleire andre kulturaktørar og har mange faste aktivitetar som blant anna leseaksjonen Sommarles, eventyrstunder, bokanbefalingar og forfattarmøter. Dei har og samarbeid med Ryfylke kunstlag, Finnøy historielag, samt biblioteket på Sølvberget.,

- I tillegg har me lagt til rette for uplanlagde treff, særleg i go`stolane rundt det runde bordet, fortel Meling Kindingstad.

Dette er kva biblioteket kan by på i september:

TORSDAG 9. SEPTEMBER KL. 11.00

Babysong. Rim, regler, folketonar, barne- og

voggesongar tilpassa målgruppa 0-12 mnd.

TORSDAG 9. SEPTEMBER KL. 18.00-20.00

Språkkafé

FREDAG 10. SEPTEMBER KL. 09.00-11.30

Datahjelp

LAURDAG 11. SEPTEMBER KL. 13.30

Barnas laurdag: Magiske Fredrik. Fredrik

saknar farfaren sin, som var tryllekunstnar. Når

Fredrik finn farfars flosshatt, byrjar magiske

ting å skje. Dukketeater av Framifrå Teater.

Anbefalt frå 4 år.

TORSDAG 16. SEPTEMBER

Torsdagsfilm på Finnøy

Kl. 14.00: Tusen ganger god natt (2013)

Kl. 17.00: Too far away (2019)

Kl. 20.00: Portrett av en kvinne i flammer (2019)

TORSDAG 16. SEPTEMBER

KulTur Finnøy. Meir info kjem.

LAURDAG 18. SEPTEMBER KL. 12.00

Barnas laurdag: Detektivklubben (2008).

Filmvisning.

LAURDAG 18. SEPTEMBER KL. 10.00-14.00

Heile Rogaland leser. Hent deg eit

gratiseksemplar av Oda Malmins debutroman

Steinauge på biblioteket!

TORSDAG 23. SEPTEMBER KL. 11.00

Babysong

TORSDAG 23. SEPTEMBER KL. 14.00

Bokprat: Helga Flatland. Helga Flatland er

aktuell med romanen «Et liv forbi», der ho

skildrar forholdet mellom ei dotter og hennar

sjuke mor.

TORSDAG 23. SEPTEMBER KL. 18.00-20.00

Språkkafé

FREDAG 24. SEPTEMBER KL. 09.00-11.30

Datahjelp

LAURDAG 25. SEPTEMBER KL. 13.30

Barnas laurdag: Rot og Bjørne. Bestevenane

Rot og Bjørne er veldig forskjellige, og då er det

ikkje alltid så lett å være einige - men morosamt

blir det. Forfattar og illustratør Hege Østmo Sæter Olsnes les og fortel. Arrangementet er

ein del av Kapittelfestivalen.

MÅNDAG 27. SEPTEMBER KL. 18.00

Sykurs på biblioteket. Ta med eigne

syprosjekt og få hjelp med desse. Har du ikkje

eit arbeid å ta med, vil ein kunna låne mønster

og starta opp med lue/pannebånd, enkel

genser eller barnekjole. Maritas lille syhjørne

kjem med kyndig hjelp til deg.

TORSDAG 30. SEPTEMBER KL. 18.00

Strikk og lytt

Publisert: