Familien Flesjå har lete seg freista av go`saken i sykkelen til Vilde Ruud hjå Ryfylkekokken t.v. Othelia Flesjå, Olaug Høgetveit, Ulrik, Vetle og Henrik, alle Flesjå.
Familien Flesjå har lete seg freista av go`saken i sykkelen til Vilde Ruud hjå Ryfylkekokken t.v. Othelia Flesjå, Olaug Høgetveit, Ulrik, Vetle og Henrik, alle Flesjå. FOTO: Oddbjørg Måland

Vilde har tidenes sommarjobb

På ein elsykkel fullasta med go`saker frå Ryfylkekokken, oppsøker Vilde stader der folket samlast og byr på lokaleproduserte forfriskningar.

FINNØY: – Dette er genialt. I staden for at folk skal finna meg, oppsøker eg eg heller folket der dei er, smiler gamle Vilde Ruud (18).

Torsdag føremiddag møter Øyposten Vilde utanfor Coopen. Ho har rigga seg til med sykkelen heilt på kaikanten, og forklarer ein familie ifrå Lofoten kva ho har å by på. Det er tydeleg å sjå at mange er nysgjerrige på doningen hennar, ein splitter ny el-lastesykkel.

– Ja, det er mange som spør om sykkelen og tykkjer det er ein kul idè. Eg trur aldri at det har vore ein mobil kafé på Finnøy tidlegare. I går, som var min fyrste dag på sykkelen, gjekk salet unna som berre det. Kanskje blir det endå meir sal når folk veit meir kva det går i.

I lastevogna har Vilde ferskt bakverk, kanelbollar, pistasjebollar, små lekre porsjonskaker og havrekjeks, samt saft og brus. Alt  produsert lokalt med råvarer frå Ryfylke.

–  Eg likar betre Cola, opplyser vesle Henrik Flesjå frå Lofoten som er på besøk hjå besteforeldra på Finnøy, men han tek likevel «til takke» med økologisk bringebærsaft frå Safteriet.

– Kva er det folk helst vil ha?

– I går var det veldig varmt så då gjekk det mykje kalde dikker, men mange vil ha kaffi og kake, eller bollar også, fortel Vilde, som gjer seg klar og skal sykla vidare og gi feriegjestene ein smak av Ryfylke