Bråk frå gamle rustholkar går på helsa laus for folk på Bru

Tor Bernhard Harestad på Bru søv ikkje lenger godt om nettene. Støy og slag frå to gamle supplyskip, held han vaken om nettene.

Tor Bernhard Harestad er mildt sagt klar for at dei gamle supplyskipa skal fjernes frå kaia ved Bru. Når enn det måtte vera.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Harestad som driv og bur på fiskemottaket er nærmaste nabo til dei to skipa som har ligge i opplag utanfor soveromsvindauge hans i seks år. Det har forringa livskvaliteten betrakteleg.,

At båtane tek utsikta og forsøplar den vakre naturen, er naboane for lengst forbi. Det er andre bekymringar som gjeld no.

- No snakkar me om å redda stumpane. Båtane ligg til kai som tikkande bomber, ein veit aldri når det vil smella. Eg lever med ein konstant uro i kroppen, for eg veit det kan få alvorlege konsekvensar om noko skjer. Og med ei slik forfatninga båtane er i, blir eg ikkje overraska om så skjer. Etter seks år med dette køyret, røyner det på, fortel Harestad som har vore i kontakt med kommunen og bede om at dei får snudd båtane for å dempa den verste støyen.

- Det er nytteslaust å forholda seg til kommunen i denne saka. Svaret frå teknisk avdeling er at det kostar mellom 40 og 50 000 kroner å få jobben gjort, det er dei ikkje interessert i å betala.

Båtane er usikra og ligg opne slik at alle som vil kan gå om bord.

- For nokre dagar sidan tok eit par gutar seg inn i den eine båten og kom ut igjen med kvar si brannøks, det er livsfarleg. Viss uvedkommande går ned i rom utan surstoff, er det den visse død. Eg held det ikkje urimeleg at i alle fall ein av båtane kan synka, og det er hol i golvet og båten har ikkje sinkplater i botn som held dørken tett. Og når vatnet tærer på skroget er det berre snakk om tid før det er nye hol. Tenk på kva konsekvensar det vil få med oljesøl og andre miljøskadelege stoff i sjøen? For min del ville det vore katastrofe for eg pumpar sjøvatn opp i store kar med fisk. Eller kva viss båtane byrjar brenna? Med rett vindretning kan huset gå i dragsuget, då ryk både heimen og arbeidsplassen. Er båtane forsikra? Og kven har ansvaret? Eg forstår ikkje korleis kommunen vågar å ha ein slik alvorleg situasjon hengande over seg, dette er alvorleg både for folk og miljøet. Eg forstår heller ikkje kvifor kommunen ikkje pålegg eigarane å fjerna båtane, gi dei dagbøter eller tvangsfjerna dei? Eg skulle likt å sjå om det same ville skjedd viss det var ein av politikartoppane i byen som blei utsett for dette?  Nabolova må vel gjelda på same her som i byen, undrast Harestad.

No har han og naboane fått nok, og truar kommunen med søksmål.

Publisert: