Det klang godt, då klokkaren på Fogn, Dag Olav Sæbøvåg, ringe inn til gudstenesta ved å slå på eit jernspett.
Det klang godt, då klokkaren på Fogn, Dag Olav Sæbøvåg, ringe inn til gudstenesta ved å slå på eit jernspett. FOTO: Rune Nedrebø

Klangen frå eit spett samla folk til gudsteneste på Byre

130 ville vera med på den historiske gudstenesta på fruktøya Byre, som blei ringd inn av klangen frå eit solid jernspett.

BYRE: Den første gudstenesta i Byre-historia blei ein stor suksess. Det kom folk frå Ombo i nord til Sokn i  sør, i tillegg til folket på Byre, både fastbuande og hyttefolk.

-Det var utruleg at så mange ville koma, heilt overveldande, seier vertskapet Kari Velve Byre til Øyposten etter at arrangementet var over.

Om dette blir ein tradisjon, kan ho ikkje svara på, på ståande fot.

-Tida vil vise, det er mykje som må klaffa, seier ho.

Kari Velve Byre ynskte saman med sokneprest Tor Egil Eriksen dei frammøtte velkommen. FOTO: Rune Nedrebø

Byre-familien var sterkt involvert i arrangementet, saman med gode krefter frå sokneråd og hyttefolk. Frå Joker Fogn kom det benker og bord, og mens klokkaren frå Fogn, Dag Olav Sæbøvåg ringde inn til gudstenesta ved å slå på eit solid spett.

130 hadde møtt fram til den første gudstenesta i friluft på Byre. FOTO: Rune Nedrebø

Kari Velve Byre ynskte dei frammøtte velkommen, og ga eit kort riss av historia til folket og åndslivet på Byre.

-Det har aldri vore kyrkje på Byre, men det har vore husmøter heilt opp til nyare tid, sa ho mellom anna.

Familien Arne Mossige og gode medhjelparar sytte for ei flott musikalsk rame rundt arrangementet, med både svingande rytmer og sakrale tonar.

Familien Juul Øthus syng med på barnesangen»Hvem har skapt alle blomstene». Mamma Ester Helen Juul Østhus til venstre og pappa Per Magnus Juul Østhus med dottera Lilly Dorthea på fanget. Ved sida sit sonen Viljar, og bak der igjen Wictor Juul. FOTO: Rune Nedrebø

Sokneprest Tor Egil Eriksen heldt ei optimistisk preik for dagen over temaet «Den gode gjetaren».

-Det er det kristentrua mi handlar om, om å få gå i lag med ein me har tillit til. Ei som er med oss både når livet er vanskeleg, og jublar med oss når livet er godt, sa Eriksen mellom anna.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi kor mange av dei frammøtte fekk ei trivlege stund, treffa kjente og nok av tid til å slå av ein prat før båten gjekk tilbake, for dei som kom sjøvegen.

Heidi Bø Sangedal (nærast), Irene Byre og Jon Olav Runestad er travelt opptatt med å servera kyrkjekaffi og kaker til dei frammøtte. FOTO: Rune Nedrebø

Kaker var det i overflod, og varm kaffi på kanner, og fleire av dei Øyposten snakka med hadde aldri eller knapt nok vore på Byre før.

-Eg var der ein gong som skulegut, men det er lenge sidan, seier Johne Halsne frå Halsøy til Øyposten.

Rundt bordet hans sat det folk både frå Talgje og Halsnøy, som alle tykte det var ei flott stund ved dammen til Gudmund og Kari.

-Det er veldig fint å kunna treffa folk frå andre øyar, slike arrangement likar eg, legg Johne Halsne til.

-Bør dette bli ein tradisjon?

-Viss det er mulig, men det bør ikkje bli ei tvangstrøye. Arrangement som dette gjer seg ikkje sjølv, seier han.

Mange kom sjøvegen, med «kyrkjebåten» frå Finnøy, Rygerfjell. FOTO: Rune Nedrebø