Askje kyrkje på Mosterøy skal oppgraderast for for 1.1 millionar kroner.
Askje kyrkje på Mosterøy skal oppgraderast for for 1.1 millionar kroner. FOTO: Arkiv.

Askje kyrkje skal rustast opp for 1,1 million

Askje kyrkje, eller Mosterøy kyrkje som den og blir kalla er ei langkyrkje frå 1846. Byggverket er i tre og oppført etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.

RENNESØY: Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1906 til ein verdi av 600 kroner. Pengane blei skaffa ved hjelp av diverse innsamlingar. Organist var ni år gamle Nicolai Dirdal som var landets yngste organist.

I det store og heile er kyrkja i bra stand, men det hastar med å stoppa enkelte lekkasjar og manglar i renner, nedløp og eit takbeslag. Det vil settast i gang strakstiltak med å utbetra desse tinga i løpet av året. Prislapp; 15 000 kroner. Elles er det innan kort tid nødvendig å setta i stand utvendig kledning, vindauge og ytterdører som til saman utgjer mest ein million kroner av oppussingsbudsjettet som er på 1 140 millionar kroner. Dette arbeidet er planlagt utført i perioden 2021 – 2023. Det er i Askje kyrkje som i alle dei andre gamle kyrkjene som skal oppgraderast i Finnøy og Rennesøy, fukt – og råteskader som utgjer dei største utgiftspostane. Elles står det i tilstandsrapporten at golvet ved sørvestre hjørne av skipet er usikker. Frå kryperommet blei det registrert høg fuktigheit i ein golvås noko som tyder at det er behov for å utbetra skader både i golvet og veggene.