Både "Hidle" og søsterferja "Ombo" er fortsatt under arbeid i Tyrkia.
Både "Hidle" og søsterferja "Ombo" er fortsatt under arbeid i Tyrkia. FOTO: Privat

Ytterlegare forsinkingar av dei nye ferjene

Den fyrste kan vera i trafikk i løpet av hausten.

FINNØY: «Hidle» og «Ombo» som er under bygging på eit verft i Tyrkia skulle etter planen komme til Norge allereie i april. Deretter var planen at ferjene skulle settast i trafikk i løpet juni, men no skal den fyrste vera ferdig og klar til å forlata Tyrkia i slutten av denne månaden. Den andre ferja er ikkje klar for avreise frå verfet før i september.

Ferjeturen tilbake til Norge tek rundt tre veker, viss alt går etter planen og ikkje vêret skapar utfordringar. Det skal vera norsk mannskap om bord på heimturen.

– Me har diverre komme litt skeivt ut. Det er fleire ting som påverkar ferdigstillinga av ferjene, blant anna koronasituasjonen som har redusert arbeidsstokken, opplyser driftsleiar for Norled sine ferjer i Rogaland, Annette Røberg.

Før ferjene kan settast inn i trafikk skal systemer testast, det blir opplæring av mannskap og ulike øvingar. Målet er at den fyrste ferja skal vera klar i løpet av hausten.