Sjekk denne kjempebegoniaen

Denne vakre kjempa av ein sommarblom prydar inngangspartiet til N`joy frisørsalong i Judaberg sentrum. Det er mange som må sjå ein ekstra gong på veg inn i døra.

Irina Sokolova elskar blomar og er stolt av kongebegoniaen ho har planta med frø frå Latvia.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

- Denne ser ut som den får mykje kjærleik og stell, men det gjer ikkje det, mest ingenting. Det er det det som er så fantastisk med denne blomen, den klarer seg langt på veg sjølv, og den kjem opp igjen kvart år, fortel Irina Sokolova frå Fogn som driv frisørsalongensalongen.,

Kongebegonia kallast blomen i Latvia, og er heilt annleis enn det me forbind planten med same namn her til lands. Den har ikkje blommar, berre store blad i fargerika møster, og er såleis ganske ulik den latviske varianten. Irina planta blommeni fjor med frø frå Latvia.

Irina fortel at kongebegonia er ein heilt vanleg blom i Latvia. «Alle» har kongebegonia i ein eller annan farge. Heime på Fogn har ho den i kvitt og gult, i tillegg til rosa.

- Fordi planten har så stor knoll og tjukke stilker og bladverk, held den lenge på fuktigheita. Den får ikkje spesielt ofte vatn eller gjødsel, og den toler vêr og vind. Om vinteren oppbeverast planten  i mørkt og tørt i kjellaren, utan å vatna. Når våren kjem tek eg planten fram i lyset og førebur den på vekstsesongen. I juni er det på tide å setta den ut i potte og der står den til frosten kjem. Det blir ikkje enklare enn det, eller finare, smiler Irina.

Publisert: