Det var her i denne svingen like før Kindingstadvegen ulukka skjedde i dag tidleg.
Det var her i denne svingen like før Kindingstadvegen ulukka skjedde i dag tidleg. FOTO: Oddbjørg Måland

Ikkje så alvorleg som venta

Kvinna som køyrte utfor vegen ved Kindingstadvegen i dag tidleg er ikkje alvorleg skada.

 

 

FINNØY: Det opplyser politiet ved Sørvest politidistrikt til Øyposten.

Det var i dag tidleg at politiet fekk melding om ei utforkøyring i sørgåande retning like før Kindingstadvegen på Finnøy. Ei kvinne i 20 åra blei køyrt til legevakta for sjekk, men er ikkje alvorleg skada. Bilen blei frakta vekk med bergingsbil.

Det var ingen andre involverte i ulukka, og det er ikkje mistanke om ruskøyring.