Gode kår for krabbefiske

Medan tilbakemeldingane på makrellfiske er så som så, er situasjonen ein heilt annan for krabbe.

Gunnar Hodnefjell fortel at det er eit godt år for krabbefiske. Mange og store krabbar med mykje mat.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

I går drog Gunnar Hodnefjell (81) frå Mosterøy i land 400 krabbar på nokre få timar. Så langt i sesongen har han fiska rundt 1000 krabbar i veka.,

Seks dagar i veka klokka 0630 legg Hodnefjell frå brygga i Hodnefjellsvika for å dra opp teinene. Å trekka 60 teiner tek si tid. Det er tungt arbeid, men han kunne ikkje tenkt seg eit liv utan krabbefiske.

- Å nei, dette er livet, det held meg på føtene, og i form. Eg har ingen tankar om å gi meg så lenge helsa er god og er klar i hovudet. Det er ikkje berre fysikken dette er bra for, minst like mykje den mentale biten. Å vera ute på sjøen kvar dag er rota til alt godt. På sjøen har eg hatt dei finaste opplevingane, og dei verste, smiler Hodnefjell.

Krabbeår

Når Gunnar kjem tilbake igjen på føremiddagen hender det at folk ventar på kaia for å kjøpa blodferske krabbar, spesielt på fredagar og laurdagar.

- Dei aller fleste vil ha krabben kokt og reinska, det har blitt slik nå, men det driv eg ikkje med. Eg sel den sik den er, sprell levande. Det er uansett aldri problematisk å bli kvitt han, oppkjøparen frå Arendal tek alt han kan få. Men du blir aldri rik av å fiska krabbe, men det er heller ikkje difor eg held på. Det er NAV som sponsar meg nå.

Det er frå no og utover krabben er på sitt beste, fortel Gunnar.

- Kva er det som skal til for at det blir ein god sesong?

- Det kan nok vera forskjellige ting, men viss krabben får tak i tobis, blir den både stor og god på smak. Det er ikkje kvart år det er førekomstar av tobis i fjorden, men det er alltid meir krabbar dei åra den er her.

Tobis, eller småsil, er ein liten og tynn fisk innan silfamilien. Den held seg på havbotn, og er prima føde for krabben.

Sel alt

To gonger i veka, sundag og torsdag, kjem ein fiskeforhandlar frå Arendal i ens ærend til Mosterøy for å henta krabbe hjå Hodnefjell. Krabbane tek han med seg levande i isoporkassar og sel blodferske til turistane i Pollen, slik har det vore i mange år. Kvifor fiskeforhandlaren frå Aust-Agder køyrer forbi fleire fiskemottak på turen til Mosterøy, forklarer Gunnar slik.

- På «jabnå» er krabben betre her enn mange andre stader langs kysten. Tidlegare forsøkte han å kjøp frå stader, men han kom alltid tilbake hit.

- Er det slik med krabbefiske som med hummar, at ein ikkje fortel om gode fiskeplassar?

- Det kan tenkast ja, men det er nok endå fleire «hemmelege» plassar når det gjeld hummaren, det er liksom litt ekstra med den. Eg har helde på så lenge at eg har mine favorittplassar eg og. Gjennom alle desse åra, har eg har lagt merke til, i motsetning til hummaren og annan fisk, at krabbebestanden ikkje har minka. Sjølv om den varierer frå år til år, er inntrykket at den held seg stabil. Med hummaren er eg overtydd om at det er overfisking som er problemet. Det var ikkje slik før i tida, då me måtta arbeida teinen sjølve og hummarfiske varte tre veker i desember, avsluttar Gunnar Hodnefjell som held det gåande med krabbefiske heilt til han byter teiner 1.oktober.

Publisert: