Her blir det for fyrste gong arrangert gudsteneste på Byre, sundag.
Her blir det for fyrste gong arrangert gudsteneste på Byre, sundag. FOTO: Privat

God påmelding til gudstenesten på Byre

Så langt har 25 personar bestilt plass på ekstrabåten som går frå Fogn via Halsnøy til Byre fyrstkommande sundag.

FINNØY: For fyrste gong vert det arrangert utandørs gudsteneste på Byre. Den historiske hendinga skal skje ved oppsamlingsdammen på eigedommen til Kari og Gudmund Byre.

– Me har plass til endå fleire, så det er berre å melda seg på, opplyser dagleg leiar på kyrkjekontoret, Heidi Bø Sangedal.

Det er tidlegare sokneprest i Finnøy Tor Egil Eriksen som skal stå for preika. I tillegg blir det song og musikk med blant anna hyttefolk på Byre. Etter gudstenesena blir det kyrkjekaffi og god tid til drøs før båten går tilbake.

– Eg håpar at mange nyttar høve til å få med seg denne spesielle hendinga. Førebels ser det bra ut med vêret så dette lovar godt. Hugs at det går fint an å komma med eigen båt,seier Bø Sangedal.

Gudstenesten byrjar klokka 1230.

Båt frå Sørvåg klokka 1130, frå Skartveit klokka 1145. Returen når arrangementet er ferdig.

Ryfylkeferja går frå Judaberg klokka 1115.

Hurtigbåt frå Byre til Judabeg klokka 1505, og ferje klokka 1520.