Butikksjef Anne Lise Sherling på Coop Extra på Judaberg seier det er utfordrande å få inn nok Cola.
Butikksjef Anne Lise Sherling på Coop Extra på Judaberg seier det er utfordrande å få inn nok Cola. FOTO: Oddbjørg Måland

Priskrig på Cola utfordrar produksjonen

Brus er saman med sjokolade og snus, ein av dei dei største grunnane til at nordmenn reiser over landegrensa på svenskehandel. For å få kundane til å handla heime igjen, har dei store lågpriskjedene senka prisane på ein 4-pakning med Coca Cola heilt ned til 39, 90 kroner.

 

FINNØY: Det kan vera ein av årsakane til at Coop Extra på Judaberg slit med å få inn nok Cola.

Både sukkerholdig og sukkerfri brus fekk avgiftskutt frå og med 1. juli, då særavgifta på alkoholfrie drikkevarer opphøyrte. Dette avgiftskuttet kjem no brusdrikkarane til gode. Avgiftskuttet tilsvarer 12,5 kroner for en firepakning med 1,5 liter brus, men me velda å kutta prisane ytterlegare, og dei andre lågpriskjedene fylgde umiddelbart etter, seier kommunikasjonsrådgjevar i KIWI, Nora Helgesen til Øyposten.

Coopen på Judabeg har også merka auka sal, men seier til avisa at det er utfordringar med å få tak i nok Cola.

– Eg veit ikkje kva det skuldast, men det kan tenkast å ha ein samanheng med redusert  grensehandel. I tillegg har me mykje hyttefolk og turistar, og det er sommar og varmt i vêret, så ja, det går mykje brus for tida, seier butikksjef, Anne Lise Sherling.

Kiwi har kutta prisen Coca Cola utan sukker gradvis sidan nyttår. I januar var fastprisen for ein 4-pakke 99 kroner. I februar blei den sett ned til 89 kroner, og fekk ny fast pris igjen på 69,90 kroner i april. Og no er altså prisen 39 kroner. Pepsi Max har hatt ein fast pris på 87 kroner sidan april, og er nå blitt sett ned til 49,90 kroner.

– Brus er ein viktig vare for mange, men alle har ikkje moglegheit til å reisa over grensa for å handla brus til ein mykje lågare pris. Ved å ta eit skikkeleg priskutt er me med på å dempa grensehandelen, og då tykkjer me det skal gagna folk i heile landet og ikkje berre dei som bur nær svenskegrensa.

Helgesen fortel at salet av desse to brussortane har tredobla seg på landsbasis sidan priskuttet 1.j uli.

– Er denne nye prisen tidsavgrensa?

– Nei, det er den ikkje. Dette er ny fast lågpris, og ikkje ein kampanjepris. Det er difor ingen grunn til å kjøpa meir enn ein elles ville gjort.

– Kjem det andre produkt i kjølvatnet brusen?

– Eg kan ikkje sei noko om framtidige prisar. Kanskje er dette fyrste steg i kampen mot handelslekkasjen til Sverige, men eg veit ikkje. Me er uansett glade for alle tiltak som reduserer gapet mellom svenske og norske prisar, og som gjer at me kan konkurrera på likare vilkår. Jo mindre avstand, jo meir handel blir det i Norge. Det vil og føra til fleire arbeidsplassar i Norge, og meir inntekt til statskassa, avsluttar Helgesen.