Frivillige har gjort ein god jobb med utvendig vedlikehald av kyrkja. Foto: Arkiv
Frivillige har gjort ein god jobb med utvendig vedlikehald av kyrkja. Foto: Arkiv

Inneklima og fukt er utfordringa i kyrkja på Talgje

Talgje kyrkje er nummer to i presentasjonen av dei gamle kyrkjene i Finnøy og Rennesøy som skal renoverast.

TALGJE: I denne saka gir me ein oversikt over kva som skal prioriterast i renoveringsarbeidet og kva det vil kosta.

Seinkyrkja frå middlealderen blei omfattande restaurert rundt 1980, seinare blei pusskader flikka i 1995.

Til dette arbeidet skal det ha blitt brukt rein kalk både innandørs og utandørs. På grunnlag av dette arbeidet har det utvikla seg eit lokalt vedlikehaldsregime på Talgje, der kyrkja regelmessig blir kalka av frivillige, sist i 2018 og 2020.

At kyrkja treng kalking regelmessig, blei observert i februar 2021, då det i ein kuldeperiode var svært mykje dryss av kalk frå ytterveggene. Det lokalt organiserte vedlikehaldet omfattar og andre deler, slik som kyrkjegarden, bårehus og servicebygg.

Det som gjenstår finna ut av er inneklimaet. Her er det til dels store utfordringar.

Elles trengs det oppgradering av hjørnekvadre og vindusomramminger i kleberstein, samt enkelte lekkasjepunkt frå taket som loftet må undersøkast, samt opprydding på loftet.

Mange fuger i kleberpartiene er opne eller lause. Det er difor behov for å meisla og erstatta gammal sement med kalkmørtel, for å unngå at meir fukt treng inn i murane. Det er og ein del mindre lekkasjeproblem ved hjørnene i skipstaket og i overgang kor/skip og på taktro som må haldast under oppsikt, men som ikkje treng å utbetrast før heile taket vert fornya.

Vidare må vindskiene bytast ut med nye som sluttar tettare, og beslag på overgangen mellom kortak og gavlen i skipet må utbetrast.

Klimamålinger viser at inneklimaet er for fuktig. Det er påvist ein del oppsamla fukt i veggene sjølv om inneklimaet i den kalde årstida er for tørt. At kyrkja har eit fuktproblem kan skuldast tre forhold, og gjerne i kombinasjon.

  • Fuger og puss er ikkje utført i «rein» kalk, men med tilsetning av sement, noe som kan gjera vêrhud og overflater inne for tette, slik at dei magasinerer fukt.
  • Det er fukt i grunnen som ikkje vert drenert godt vekk frå kyrkja.
  • Kyrkja har for dårleg lufting.

Før ein har undersøkt desse forholda ved overvaking over tid, er det ikkje tilrådeleg å gi anbefalingar for større arbeid, som til dømes å fjerna og erstatta puss på større deler av kyrkja. Difor vert det frå kundig hald anbefalt eit undersøkingsprogram over tre år med fokus på dei nemnte forholda. Det inneber klimaoverevaking, opening av fleire flater ute og inne, fleire materialanalysar, justering av temperatur og naturleg ventilasjon.

Undersøkingane vil og kunne gi svar på om det trengs større tiltak med pussen på kyrkja, men det vil i prinsippet ikkje endra dei gode, lokale vedlikehaldsrutinane, fyrst og fremst den regelmessige kalkinga.

Totalt er arbeidet med kyrkja kostnadsrekna til 690 000 kroner. Dei største postane er:

– Murarbeid, flikking av større avskallingar, samt meisling og ny oppfuging av kleberdetaljar (hjørnekvadre, vindu, portal), 295 000.

– Undersøkingsprogram inneklima og fukt, 220 000 kroner.

Norge har til saman 159 middelalderkyrkjer i stein. Dei aller fleste av desse er bevaringsverdige. Likevel forvitrar dei.

Fabricia kulturminnetjenester har utarbeida tilstandsrapportane.