Sølvsmed Folke Helle var den første som melde seg på til marken. Her tar Elin Skjørestad ein kikk på utvalget.
Sølvsmed Folke Helle var den første som melde seg på til marken. Her tar Elin Skjørestad ein kikk på utvalget. FOTO: Rune NedrebøBilde 1 av 6
Thor Jansen viste kunsten å fletta tauverk, og hadde også med seg produkt som han hadde laga.
Thor Jansen viste kunsten å fletta tauverk, og hadde også med seg produkt som han hadde laga. FOTO: Rune NedrebøBilde 2 av 6
Anne Furre hadde strikkevarer som mora, Ingrid Furre, og ho sjølv hadde strikka.
Anne Furre hadde strikkevarer som mora, Ingrid Furre, og ho sjølv hadde strikka. FOTO: Rune NedrebøBilde 3 av 6
Tone Tvedt frå Ullform i Stavanger stilte med ulike ullprodukt. -Kjekt at det er marknader igjen, seier ho.
Tone Tvedt frå Ullform i Stavanger stilte med ulike ullprodukt. -Kjekt at det er marknader igjen, seier ho.Bilde 4 av 6
Denne er det tilrettelagt avdeling ved Randaberg videregående, "Godt gjort" som produserer.
Denne er det tilrettelagt avdeling ved Randaberg videregående, "Godt gjort" som produserer. FOTO: Rune NedrebøBilde 5 av 6
God stemning rundt borde til Ryfylke Lefsebakeri frå Jørpeland. Anne Jensen (t.v.) og Norunn Nedrebø sjekkar utvalet til Nina Fonneland (t.h.) og Ann Iren Hatleskog.
God stemning rundt borde til Ryfylke Lefsebakeri frå Jørpeland. Anne Jensen (t.v.) og Norunn Nedrebø sjekkar utvalet til Nina Fonneland (t.h.) og Ann Iren Hatleskog. FOTO: Rune NedrebøBilde 6 av 6

Slik var det på Sjernarøymarken

Det var 20 år sidan sist. Laurdag var det igjen duka for Sjernarøymarken på Sjernarøy Maritim.

SJERNARØY: -Det er gode tilbakemeldingar bårde frå utstillarar og publikum, seier arrangøren, Johnny Johannes Furre til Øyposten.

Grete Hiim (t.v.) og Ebba Marie Breivik stilte med filleryer, gryteklutar og andre husflidsvarer. Gryteklutane var mellom det mest populære. FOTO: Rune Nedrebø

Han reknar med at det var mellom 50-100 personar innom marken, og er godt fornøyd med det.

-Det er rett nok ikkje på høyde med arrangementet då far min hadde det og det var 300-400 innom. Men tatt i betraktning omstendighetene nå med korona er me likevel godt nøgde, seier Furre.

Jan Kristiansen og Ingeborg Russdal-Hamre var på besøk hos Marie Berge på hytta på Kyrkjøy og tok turen til Sjernarøymarken. Her studerer dei tilbudet frå tilrettelagt avdeling på Randaberg videregående og elevbedrifta «Godt gjort», som June Emanuelsen (t.v.) og Kristine Amadal viser fram. FOTO: Rune Nedrebø

Folk Øyposten snakka med sette også stor pris på at marken var tilbake.

-Det er kjekt og koseleg at marken er her igjen, og positivt at samfunnet begynner å koma i gang igjen, seier Elin Skjørerstad som er på hytte-ferie på Sjernarøy.

Også¨Ebba Marie Breivik og Grete Hiim frå Sjernarøy Husflidslag set pris på at marken er tilbake.

-Dette er noko me har sakna, seier Grete Hiim.

Beate Hauge Østlund hadde eige bilete malt i olje og acryl som ho stilte ut. FOTO: Rune Nedrebø